I juni 2019 fekk Norsk Sjømat på Stranda tildelt ein såkalla visningskonsesjon i Stordal, som kan gi kommunen etterlengta arbeidsplassar.
No er det Fylkesmannen i Møre og Romdal som seier stopp, fordi Stordal kommune manglar ein overordna plan etter plan- og bygningslova, som set rammer for akvakulturanlegg i kommunen. Dispensasjonen som Stordal kommune har gitt for å etablerer anlegg i fjorden held ikkje, meiner fylkesmannen.
Stordal kommune vedtok tidleg i desember at den står på sitt og ber Fylkesmannen trekkje sin klage på dispensasjonen.
Den søknanden blei avslått, men Norsk Sjømat søkt også om ein visningskonsesjon.
Ein visningskonsesjon er ein rett til å bygge eit oppdrettsanlegg som er ope for publikum, der folk kan få sjå korleis oppdrettsverksemda blir drive. Visningskonsesjonar er gratis. Hausten 2017 avslo Fiskeridirektoratet søknaden, men i juni 2019 avgjorde Nærings- og fiskeridepartementet Norsk Sjømat skulle få visningskonsesjonen likevel.
At selskapet fekk ein visningskonsesjon i staden for ein utviklingskonsesjon betyr at dei opphavlege planane blir redusert, men at det likevel er snakk om store investeringar og fleire arbeidsplassar.
No er det Fylkesmannen i Møre og Romdal som seier stopp, fordi Stordal kommune manglar ein overordna plan etter plan- og bygningslova, som set rammer for akvakulturanlegg i kommunen. Dispensasjonen som Stordal kommune har gitt for å etablerer anlegg i fjorden held ikkje, meiner fylkesmannen.
Stordal kommune vedtok tidleg i desember at den står på sitt og ber Fylkesmannen trekkje sin klage på dispensasjonen.
Lang ferd mot målet
Planen til Norsk Sjømat er å la smolten vekse opp i tankar på land, i ein nedlagt møbelfabrikk, før den blir sett ut i anlegg i sjøen. Norsk Sjømat søkte først om ein utviklingskonsesjon, ein konsesjon som blir gitt til selskap som utviklar nye metodar for lakseoppdrett - mellom anna for å redusere problem med lakselus og rømming.Den søknanden blei avslått, men Norsk Sjømat søkt også om ein visningskonsesjon.
Ein visningskonsesjon er ein rett til å bygge eit oppdrettsanlegg som er ope for publikum, der folk kan få sjå korleis oppdrettsverksemda blir drive. Visningskonsesjonar er gratis. Hausten 2017 avslo Fiskeridirektoratet søknaden, men i juni 2019 avgjorde Nærings- og fiskeridepartementet Norsk Sjømat skulle få visningskonsesjonen likevel.
Nye arbeidsplassar
Dei opphavlege planane for Norsk Sjømat i Stordal var investeringar på 400-500 millionar kroner og 50-60 nye arbeidsplassar.At selskapet fekk ein visningskonsesjon i staden for ein utviklingskonsesjon betyr at dei opphavlege planane blir redusert, men at det likevel er snakk om store investeringar og fleire arbeidsplassar.
Publisert: 27.12.2019 09:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48






