Havila phoenix foto havila
MISSA KONTRAKT: Havila Phoenix fekk kansellert eit lengre oppdrag tidleg i vinter, men er sikra ny jobb frå april. Foto: Havila
Nytt

Ny nedskriving på 262 millionar

Skipa til Havila Shipping mindre verdt.

Marius Rosbach
01.03.2021

Reiarlaget Havila Shipping skreiv ned verdiane i selskapet med nye 262 millionar kroner, viser rapporten frå 4. kvartal 2020.

Til saman i løpet av fjoråret er det gjort nedskrivingar for 783 millionar, og avskrivingar på 350 millionar.

Låg aktivitet og missa kontrakt
Reiarlaget gjorde også nedskrivingar på 521 millionar i andre kvartal i 2020, men tok ikkje nedskrivingar i tredje kvartal.

Fall i meklarvurderingar av verdien på skipa, framleis låg oljepris og låg aktivitet i marknaden, ligg til grunn for avgjerda om nye nedskrivingar i fjerde kvartal.

At subseafartøyet Havila Phoenix missa en lengre kontrakt Deepocean, påverka også vurderinga, går det fram av rapporten.

Skipet har etterpå sikra seg nytt oppdrag for Nexans på 90 dagar frå april, og ligg no til klargjering i Ulsteinvik. Reiarlaget sikra seg eit ukjent kontantbeløp for kanselleringa, i tillegg til at dei tok over eigedomsretten til A-ramme, Trencher og ROVar frå DeepOcean.

Lågare inntekter
Havila har ein flåte på 23 skip, men har 3 ankerhandteringsskip og fire forsyningsskip i opplag.

I løpet av 4. kvartal 2020 segla skipa inn 107 millionar i inntekter, ein nedgang frå 195 millionar året før

Drifta i kvartalet gjekk med drygt 318 millionar kroner i minus. Underskot før skatt enda på drygt 73 millionar, etter justering av finanspostar, ifølgje børsmeldinga.

Kriseløysing gir pluss i rekneskapen
Samla inntekter for 2020 vart 705 millionar, ned om lag 40 millionar frå 2019 (sjå tabell under).

Etter at reiarlaget sikra seg refinansiering, gjer verdijustering av lån ein positiv effekt i rekneskapen på 2,23 milliardar.

Sjølv om drifta i fjoråret gjekk med 953 millionar i minus, endar resultatet før skatt på 1.169 millionar i pluss.

Reiarlaget har drygt fire milliardar i gjeld, der det meste no er gjort om til langsiktig gjeld i tråd med restruktureringa.

Havila Shipping
Resultat 4. kvartal (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 107 196
Driftsresultat -318 -38
Res. før skatt -73 -71
Resultat 2020 (i mill kr)
Driftsinntekter 705,6 747,1
Driftsresultat -953,5 -77
Res. før skatt 1169 -320,9

Publisert: 01.03.2021 11:03

Sist oppdatert: 03.05.2021 15:05

Mer om