Ny omveltning for Mork
Bilgiganten Stellantis har sagt opp alle forhandlaravtaler. Per Magne Mork er spent på kva som kjem i staden.
Stellantis er resultatet av ein samanslåing av bilprodusentane PSA og FCA til eit konsern med i alt 16 ulike bilmerke i stallen.
Det er Abarth, Alfa Romeo, Chrysler, Citroën, Dodge, DS, Fiat, Fiat Professional, Jeep, Lancia, Maserati, Mopar, Opel, Peugeot, Ram og Vauxhall, ifølgje TV2.
Mork eig og driv tre bilforretningar, to i Volda og ei på Nordfjordeid, og er Peugot og Kia-forhandlar. Forretninga på Nordfjordeid er også Mercedesforhandlar.
Før jul i 2019 fekk Mork vite av Bertel O. Steen-konsernet at Bertel O. Steen Møre og Romsdal skal overta som Peugot- og Kiaforhandlar på søre Sunnmøre frå og med 2022. Dermed blir det berre forretninga på Nordfjordeid som kan halde fram som nybilforhandlar av dei merka.
Hans svar på det er å halde fram som merkeverkstad, leige ut bilar og selje tildels svært nye brukte modellar.
Seier opp avtalar
Nyleg kom meldinga frå Stellantis om at dagens forhandlaravtalar blir sagt opp, med verknad frå sommaren 2023.
Mork reknar med at det handlar om eit ønskje om å forhandle fram nye avtalar, ikkje å kvitte seg med forhandlarane. Likevel skaper det uvisse.
- Et er spent på kva Stellantis vil kome med, i alle fall på salssida, seier Mork.
Oppsving
Nye og populære modeller gav oppsving i salet, spesielt for den største av dei tre forretningane til Mork, Volda Bil.
Det er både nye og brukte bilar som løftar salet, og i bruktbilmarknaden er det utfordrande å få tak i nok bilar, ifølgje Mork.
Alle tre forretningane ligg så langt i år over salet samanlikna med i fjor. Aller best står det til for Volda Bil. Den forretninga selde bilar for 32 millionar kroner i første halvår i år, omlag det same som i heile 2019.
Volda Bil as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 50,9 | 33,0 |
Driftsresultat | 3,1 | 1,7 |
Resultat før skatt | 3,0 | 1,7 |
Volda Bilsenter as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 17,3 | 12,9 |
Driftsresultat | 0,5 | 0,1 |
Resultat før skatt | 0,4 | -0,1 |
Vest Auto as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 45,6 | 41,1 |
Driftsresultat | 1,4 | 0,7 |
Resultat før skatt | 1,4 | 0,6 |
Publisert: 16.07.2021 06:00
Sist oppdatert: 15.07.2021 22:24