Ny optimisme i offshore
Kraftig ratehopp for ankerhandlarar og ein positiv Rystad-analyse gir fornya optimisme for offshoreselskapa.
I ein fersk analyse frå Rystad Energi vert det estimert at rundt 600 nye prosjekt vil få grønt lys i perioden 2021 til 2025, noko som utgjer ein kraftig auke frå den siste femårsperioden.
Og det er spesielt på djupt hav at den store auken vil kome, der Rystad anslår at 181 nye djupvassprosjekt vil verte sette i gang i femåsperioden, mot berre 106 i perioden 2016-2020.
Nådde millionen
Den positive analysen kjem samstundes som ankerhandterarar på norsk side av Nordsjøen har oppnådd dei høgaste spotratene sidan april 2018.
Aller høgast rate fekk DOF-skipet Skandi Hera med ein million kroner døgnet for eit riggflytt for Equinor.
Men skipsmeklaren Seabrokers viser i sin siste rapport til at også Viking Supply makta å få rater over 900.000 kroner i slutten av mars, medan Havila Shipping, Island Offshore, K. Line, Olympic, Siem og Solstad makta å oppnå spotrater på meir enn ein halv million kroner.
Rateauken er for dei største ankerhandlarane på over 65 prosent i høve til mars i fjor.
Les også
For PSV-ar har det derimot vore langt mellom dei gode ratene, men her er det forventa eit oppsving i sein vår eller tidleg sommar, spesielt tilknytt ioppdrag rundt legging av den baltiske rørleidninga.
Britisk fornybarsatsing
Derimot har det vore lenger mellom dei gode ratene på britisk side, der aktiviteten framleis er lav som følgje av korona.
Samstundes viser Seabrokers i sitt magasin Seabreeze til at den britiske regjeringa har gjort ein omfattande avtale med den britiske olje- og gassindustrien om å redusere CO2-utsleppa med 10 prosent innan 2025, 25 prosent innan 2027 og 50 prosent innan 2030.
Det skal mellom anna investerast 3 milliardar britiske pund for å erstatte fossilbasert energi på olje- og gassplattformene med fornybar energi, nesten like mykje skal investerast til karbonfangst og heile 10 milliardar britiske pund skal investerast i produksjon av hydrogen.
Lange avtalar
Enkelte reiarar har i det siste også hanka inn langtidskontraktar. Av reiaralaga i nordvest har Bourbon Offshore fått ti månaders kontrakt for PSV-en Bourbon Mistral med Equinor, medan Island Offshore har fått seks månaders kontrakt med Lundin for ankerhandlaren Island Vanguard.
Samstundes held Solstad Offshore fram med salet av skip som selskapet ikkje vil satse vidare på. I løpet av dei siste vekene har selskapet seld ankerhandlarane Lady Astrid og Lady Caroline, to skip som i lang tid har lege i opplag i Indonesia, samt at Solstad også har seld PSV-en Sea Witch – utan å oppgi kven kjøparane er.
Medan det siste vekene har vore smått med skip tilgjengelege, viser ei oversikt frå skipsmeklaren Westshore at det tysdag ettermiddag var totalt elleve ledige ankerhandlarar, der seks låg i Norge. I tillegg var det ni ledige PSV-ar, der fire låg i Norge, og fem i Skotland.
Publisert: 06.04.2021 15:32
Sist oppdatert: 06.04.2021 15:32