Ny rapport Havvind for naer 85 milliardar i 2050
VIL HA FORTGANG: Administrerande direktør Harald Solberg i Norges Rederiforbund. 
Nytt

Ny rapport: Havvind for nær 85 milliardar i 2050

Peiker på moglegheitene og rederiforbundet meiner det hastar med å skalere opp kapasiteten. 

20.10.2020
(NPK-NTB-Dag Kjørholt): Ein norskbasert havvindindustri kan omsetje for nær 85 milliardar kroner i 2050, kjem det fram det av ein ny rapport.
Menon Economics presenterer tysdag om verkemiddel for å realisere flytande havvind på norsk sokkel.
Rapporten er gjennomført på oppdrag frå Norwegian Offshore Wind Cluster i samarbeid med Norsk Industri, Norges Rederiforbund, Eksportkreditt Noreg og Stavanger kommune.
I rapporten blir det gjort greie for endringane som har skjedd i marknaden det siste året og kva desse endringane kan ha å seie for framtidsutsiktene i næringa.

Aukar med 40 prosent

Rapporten viser mellom anna at prosjekt blir realisert i ein større skala enn tidlegare rekna med, noko som vil bidra til raskare kostnadsreduksjon. Dette vil igjen kunne føre til ein auka produksjonskapasitet med 40 prosent i 2050, samanlikna med tal frå 2019, ifølgje Menon.
– Rapporten peikar på at vi raskt må lykkast med å skalere opp kapasitet. Vi har stor tru på at rapporten kan bidra til at regjeringa følgjer opp med attraktive rammevilkår for havvind òg i Noreg, seier administrerande direktør Harald Solberg i Norges Rederiforbund.

Tildelingskriterium

I rapporten er det mellom anna gjort ei samfunnsøkonomisk vurdering av kva verkemiddel som er best eigna til å utløyse private investeringar i storskala av flytande havvind på norsk sokkel.
Val av tildelingskriterium blir peika på som eit viktig verkemiddel.
– Norges Rederiforbund er svært opptekne av at rammevilkåra regjeringa landar på, sikrar sunn konkurranse og eit breitt aktørmangfald både på investor- og leverandørsida, seier Solberg.

Les også:



Synspunkt:



(©NPK)

Publisert: 20.10.2020 10:12

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:01