(NPK-NTB-Dag Kjørholt): Ein norskbasert havvindindustri kan omsetje for nær 85 milliardar kroner i 2050, kjem det fram det av ein ny rapport.
Menon Economics presenterer tysdag om verkemiddel for å realisere flytande havvind på norsk sokkel.
Rapporten er gjennomført på oppdrag frå Norwegian Offshore Wind Cluster i samarbeid med Norsk Industri, Norges Rederiforbund, Eksportkreditt Noreg og Stavanger kommune.
I rapporten blir det gjort greie for endringane som har skjedd i marknaden det siste året og kva desse endringane kan ha å seie for framtidsutsiktene i næringa.
– Rapporten peikar på at vi raskt må lykkast med å skalere opp kapasitet. Vi har stor tru på at rapporten kan bidra til at regjeringa følgjer opp med attraktive rammevilkår for havvind òg i Noreg, seier administrerande direktør Harald Solberg i Norges Rederiforbund.
Val av tildelingskriterium blir peika på som eit viktig verkemiddel.
– Norges Rederiforbund er svært opptekne av at rammevilkåra regjeringa landar på, sikrar sunn konkurranse og eit breitt aktørmangfald både på investor- og leverandørsida, seier Solberg.
(©NPK)
Menon Economics presenterer tysdag om verkemiddel for å realisere flytande havvind på norsk sokkel.
Rapporten er gjennomført på oppdrag frå Norwegian Offshore Wind Cluster i samarbeid med Norsk Industri, Norges Rederiforbund, Eksportkreditt Noreg og Stavanger kommune.
I rapporten blir det gjort greie for endringane som har skjedd i marknaden det siste året og kva desse endringane kan ha å seie for framtidsutsiktene i næringa.
Aukar med 40 prosent
Rapporten viser mellom anna at prosjekt blir realisert i ein større skala enn tidlegare rekna med, noko som vil bidra til raskare kostnadsreduksjon. Dette vil igjen kunne føre til ein auka produksjonskapasitet med 40 prosent i 2050, samanlikna med tal frå 2019, ifølgje Menon.– Rapporten peikar på at vi raskt må lykkast med å skalere opp kapasitet. Vi har stor tru på at rapporten kan bidra til at regjeringa følgjer opp med attraktive rammevilkår for havvind òg i Noreg, seier administrerande direktør Harald Solberg i Norges Rederiforbund.
Tildelingskriterium
I rapporten er det mellom anna gjort ei samfunnsøkonomisk vurdering av kva verkemiddel som er best eigna til å utløyse private investeringar i storskala av flytande havvind på norsk sokkel.Val av tildelingskriterium blir peika på som eit viktig verkemiddel.
– Norges Rederiforbund er svært opptekne av at rammevilkåra regjeringa landar på, sikrar sunn konkurranse og eit breitt aktørmangfald både på investor- og leverandørsida, seier Solberg.
Les også:
Synspunkt:
(©NPK)
Publisert: 20.10.2020 10:12
Sist oppdatert: 07.04.2021 18:01