Ny rekord for Volda Mat
Fiskemat, ball og korona gav rekordinntekter i fjor, og Volda Mat ligg an til ny rekord i år.
Så langt i år er driftsinntektene til Volda Mat to millionar høgare enn dei var på same tid i fjor. Selskapet ligg dermed an til å passere 20 millionar kroner i driftsinntekter, og held fram med den langvarige trenden med å vekse jamnt og trutt.
Ei deling av selskapet i eit eigedomsselskap og eit driftsselskap (Volda Mat) er grunnen til at tabellen under artikkelen berre viser 2020-tala, men også i fjor var det vekst samanlikna med året før fortel eigar og dagleg leiar Hege Skurtveit.
Lønsemda er også god (sjå tabell) og blir det også i 2021.
Ball og fiskemat
Volda Mat har også vore gjennom eit namneskiftet, frå Volda Fiskemat til Volda Mat. Ball er eit viktig produkt for matvareprodusenten i Furene i Volda, og namneskiftet signaliserer at selskapet leverer meir enn fiskemat.
Skurtveit peikar på tre forklaringa på veksten dei siste åra:
Overgangen til å bruke Ole Ringdal as som distributør sikra selskapet tilgang til butikkar frå Årdal i sør til Orkanger i nord for alle produkta sine.
Nye produkt, som kvit og raud bacalao, har slått an.
Med koronakrisa blomstra etterspørselen opp etter mat folk kunne lage heime.
Effektiv produksjon
Skurtveit er tredje generasjon eigar og drivar av Volda Mat.
Effektiv produksjon er ein nøkkel til å lukkast, seier Skurtveit, og berre i år investerer selskapet rundt fire millionar kroner i produksjonsutstyr.
I dag er det seks tilsette i Volda Mat, medrekna Skurtveit sjølv. Om selskapet hadde arbeidd på same måte som for 20 år sidan anslår Skurtveit at ho hadde trengt minst 20 tilsette for å produsere like mykje som seks tilsette greier i dag.
Tomt på lageret
Oppsvinget i etterspørselen då koronakrisa kom gjorde at Volda Mat tømte lageret på to dagar, eit lager som til vanleg held ei veke.
- Vi brukte tre månader på å kome oss frampå, seier Skurtveit.
Det er sannsynleg at koronaeffekten ikkje held seg når epidemien ebbar ut, men Skurtveit trur likevel på vekst, og tek stadig oftare fram for vurdering planane for ei utviding av anlegget i Furene, i første omgang med nytt og og større lager.
Volda Mat as | |
Tal i mill. kroner | 2020 |
Driftsinntekter | 17,1 |
Driftsresultat | 2,4 |
Resultat før skatt | 2,4 |
Publisert: 07.06.2021 18:00
Sist oppdatert: 07.06.2021 16:27