Ny rekord - pressa marginar
Nordvestvinduet kom seg greit gjennom pandemien. No er auka råvarekostnader ei større utfordring.
Selskapet på Almenning ved Måløy produserer vindu, vindusdører og ytterdører, og slo i fjor den forrige omsetningsrekorden, som vart sett i 2020.
Resutatet før skatt enda på 2,1 millionar kroner, to millionar lavare enn året før.
Nordvestvinduet | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 133,7 | 127,1 | |
Driftsresultat | 1,8 | 4,5 | |
Resultat før skatt | 2,1 | 4,1 |
God ordreinngang
Styret skriv i årsrapporten at bedrifta kom seg greit gjennom koronapandemien, men sleit meir med aukande råvareprisar. Prisane auka gjennom heile 2021, og prisauken har halde fram også i år.
I tillegg er det signal om rasjonering eller avgrensa tilgang på enkelte produkt, noko som gir utfordringar.
Men Nordvestvinduet har samstundes god ordreinngang, der særleg andre kvartal i fjor var godt.
93 tilsette
Selskapet har hovedbasen på Almenning, men har også eit dotterselskap i Skotland, som ein eig 85 prosent av.
Nordvestvinduet har utvikla fleire nye produkt, blant anna nye skyvedører.
Nordvestvinduet har no 93 tilsette i konsernet.
Lokalt eigd
Selskapet har ein eigenkapital på 21,8 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 6,2 millionar.
Nordvestvinduet har vore familieigd sidan starten i 1957.
Største aksjonær er Dag Almenning og familien med 45,8 prosent, medan Jonfinn Almenning er nest størst med 14,9 prosent.
Les også
Publisert: 15.07.2022 15:57
Sist oppdatert: 15.07.2022 15:59