Striden mellom Edgar Sandanger og oppdrettselskapet Norway Royal Salmon gjeld betaling for fem av i alt 15 lastebilar med laks som blei levert frå Norway Royal Salmon til salsselskapet Sunsea Seafood på Moltustranda våren og sommaren 2017.
Norway Royal Salmon meinte Sunsea Seafood ikkje hadde betalt som avtalt, og gjekk til sak med krav om erstatning. Kravet var retta mot konkursbuet til Sunsea Seafood - som gjekk konkurs i 2018 - og mot dåverande dagleg leiar og hovudaksjonær Edgar Sandanger, og mot driftsleiaren i produksjonsselskapet Sunsea.
Begge selskapa hadde adresse på Moltustranda.
Driftsleiaren vart frifunnen i tingretten, men Sandanger vart dømt til å betale 4,4 millionar kroner - og anka dommen til lagmannsretten, der han tapte på nytt i første omgang.
Sandanger anka til Høgsterett, som sette dommen i lagmannsretten til side fordi den mangla ei drøfting av om Sandanger sine handlingar er årsaka til tapet, og om det kan påvisast eit tap.
Både Sunsea Seafood og produksjonsselskapet Sunsea på Moltustranda gjekk konkurs i 2018 og rettsaka som startar i dag er ein del av etterspelet etter konkursane.
Norway Royal Salmon held på kravet sitt om at Sandanger er erstatningspliktig for tapet på 4,4 millionar kroner som selskapet meiner å ha lidd: "Som styreleder og daglig leder i Sunsea as og SuS (Sunsea Seafood, red. merk) er Sandanger ansvarlig for det tap NRS (Norway Royal Salmon, red. merk) har lidt som følge av hans handlinger eller unnlatelser etter aksjeloven (asl) § 17-1(1)" skriv Norway Royal Salmons advokat Ole Skeidsvoll Moe frå advokatfirmaet Arntzen de Besche i sitt sluttinnlegg.
Sluttinnlegget er advokatane si korte oppsummering av saka til retten, før rettssaka startar.
Sandanger var ikkje involvert i den faktiske og praktiske gjennomføringa av avtalen mellom partane, driftsleiaren i Sunsea var tilsett for å stå for innkjøp og opptre i samsvar med selskapet sine avtalar, etablert praksis mellom partane var ikkje i samsvar med avtalens ordlyd og NRS har aldri protestert på Sunsea Seafoods handlemåte med omsyn til kjøp av fisk og/eller leigeproduksjon.
Dessutan valde NRS å levere fisk på kreditt og det er aksjeselskapet
Aambø skriv og at det ikkje er "bevismessige holdepunkter for at Sandanger har unnlatt å føre kontroll med de ansattes håndtering av avtalene med NRS, langt mindre at dette skulle vere uaktsomt."
Aambø avviser og at det er årsakssamanheng mellom Sandanger sine påståtte uaktsomme handlingar og det angivelege tapet til NRS. I følgje Aambø er ikkje Norway Royal Salmon påført eit økonomisk tap, og i det minste er erstatningskravet vesentleg for høgt.
(Produksjonsselskapet Sunsea mista produksjonsløyvet i august 2017. Sunsea gjekk konkurs i august 2018, Sunsea Seafood i september 2018, red.merk)
Den rettsaka blei det ikkje noko av, og saka blei i staden avgjort med eit forelegg og ei bot på 25.000 kroner. Grunngjevinga frå politiet for å utferdige eit forelegg i staden for å gjennomføre ei rettssak, var at Riksadvokaten hadde gitt høve til auka bruk av forelegg som følge av koronaepidemien. Det går fram av forelegget, som NETT NO har bedt om - og fått - innsyn i.
Forelegget vart utferda 12. mai 2020, og er godtatt av Sandanger ifølgje politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik.
Ifølgje tiltalen nedla Mattilsynet 30. september 2016 forbod mot å selje varer frå selskapet og påla det å kalle tilbake varer som var sendt ut i marknaden.
Det skjedde ikkje, ifølgje tiltalen.
I tida før 14. oktober 2016 unnlot Sandanger å kalle tilbake "spiseklare langtidsholdbare produkter produsert fra og med 22. august 2016".
I tidsromet 5. oktober til 13. desember 2016 let han vere å varsle Mattilsynet om i alt 39 prøvesvar som viste funn av listeria-bakteriar i laksen som blei produsert av Sunsea.
Det tredje punktet i tiltalen er at han ikkje ville gi frå seg informasjon ved at han unnlot "å etterkomme Mattilsynets vedtak av 8. desember 2016, om å gi Mattilsynet full tilgang til samtlige analyserapporter av prøver tatt i virksomheten på produkt- og foredlingsområde/-utstyr.
Eve Reshatot kravde erstatning frå Sandanger personleg etter at selskapet berre fekk halvparten av fisken det hadde bestilt og betalt frå salsselskapet Sunsea Seafood i mai 2017. Sandanger var styreleiar, dagleg leiar og medeigar i selskapet.
Retten meinte det ikkje var sannsynliggjort at Sandanger:"på avtaletidspunktet i mai 2017 hadde overtrådt sine plikter som styreleder og daglig leder i Seafood (Sunsea Seafood, red. merk) slik at det utløser ansvar overfor Eve Reshatot"
Dommen er rettskraftig.
Norway Royal Salmon meinte Sunsea Seafood ikkje hadde betalt som avtalt, og gjekk til sak med krav om erstatning. Kravet var retta mot konkursbuet til Sunsea Seafood - som gjekk konkurs i 2018 - og mot dåverande dagleg leiar og hovudaksjonær Edgar Sandanger, og mot driftsleiaren i produksjonsselskapet Sunsea.
Begge selskapa hadde adresse på Moltustranda.
Driftsleiaren vart frifunnen i tingretten, men Sandanger vart dømt til å betale 4,4 millionar kroner - og anka dommen til lagmannsretten, der han tapte på nytt i første omgang.
Sandanger anka til Høgsterett, som sette dommen i lagmannsretten til side fordi den mangla ei drøfting av om Sandanger sine handlingar er årsaka til tapet, og om det kan påvisast eit tap.
Både Sunsea Seafood og produksjonsselskapet Sunsea på Moltustranda gjekk konkurs i 2018 og rettsaka som startar i dag er ein del av etterspelet etter konkursane.
Ny runde tysdag
Tysdag startar lagmannsretten å behandle saka for andre gang.Norway Royal Salmon held på kravet sitt om at Sandanger er erstatningspliktig for tapet på 4,4 millionar kroner som selskapet meiner å ha lidd: "Som styreleder og daglig leder i Sunsea as og SuS (Sunsea Seafood, red. merk) er Sandanger ansvarlig for det tap NRS (Norway Royal Salmon, red. merk) har lidt som følge av hans handlinger eller unnlatelser etter aksjeloven (asl) § 17-1(1)" skriv Norway Royal Salmons advokat Ole Skeidsvoll Moe frå advokatfirmaet Arntzen de Besche i sitt sluttinnlegg.
Sluttinnlegget er advokatane si korte oppsummering av saka til retten, før rettssaka startar.
Ikkje ansvarleg
Sandanger sin advokat, Bjarte Aambø i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz, argumenterer mot at Sandanger er personleg ansvarleg i sitt sluttinnlegg:Sandanger var ikkje involvert i den faktiske og praktiske gjennomføringa av avtalen mellom partane, driftsleiaren i Sunsea var tilsett for å stå for innkjøp og opptre i samsvar med selskapet sine avtalar, etablert praksis mellom partane var ikkje i samsvar med avtalens ordlyd og NRS har aldri protestert på Sunsea Seafoods handlemåte med omsyn til kjøp av fisk og/eller leigeproduksjon.
Dessutan valde NRS å levere fisk på kreditt og det er aksjeselskapet
,
ikkje styremedlemer, som er ansvarleg for krav frå enkeltkreditorar.Aambø skriv og at det ikkje er "bevismessige holdepunkter for at Sandanger har unnlatt å føre kontroll med de ansattes håndtering av avtalene med NRS, langt mindre at dette skulle vere uaktsomt."
Aambø avviser og at det er årsakssamanheng mellom Sandanger sine påståtte uaktsomme handlingar og det angivelege tapet til NRS. I følgje Aambø er ikkje Norway Royal Salmon påført eit økonomisk tap, og i det minste er erstatningskravet vesentleg for høgt.
Utløyst av Mattilsynet
"Den direkte årsaken til driftsstans hos Sunsea Seafood, og senere konkurs, var beslutning fra Mattilsynet - en beslutning som kom på et tidspunkt da selskapet hadde en betydelig mengde råvarer på lager", skriv Aambø i sluttinnlegget.(Produksjonsselskapet Sunsea mista produksjonsløyvet i august 2017. Sunsea gjekk konkurs i august 2018, Sunsea Seafood i september 2018, red.merk)
Godtok forelegg
Sandanger skulle i vår møte i retten som tiltalt i ei straffesak, tiltalt for brot på matlova i samband med drifta av produksjonsselskapet Sunsea.Den rettsaka blei det ikkje noko av, og saka blei i staden avgjort med eit forelegg og ei bot på 25.000 kroner. Grunngjevinga frå politiet for å utferdige eit forelegg i staden for å gjennomføre ei rettssak, var at Riksadvokaten hadde gitt høve til auka bruk av forelegg som følge av koronaepidemien. Det går fram av forelegget, som NETT NO har bedt om - og fått - innsyn i.
Forelegget vart utferda 12. mai 2020, og er godtatt av Sandanger ifølgje politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik.
Kalla ikkje tilbake varer
Tiltalen - som er ein del av forelegget - var på tre punkt, og var knytt til Sandanger si rolle som dagleg leiar i lakseforedlingsbedrifta Sunsea på Moltustranda.Ifølgje tiltalen nedla Mattilsynet 30. september 2016 forbod mot å selje varer frå selskapet og påla det å kalle tilbake varer som var sendt ut i marknaden.
Det skjedde ikkje, ifølgje tiltalen.
I tida før 14. oktober 2016 unnlot Sandanger å kalle tilbake "spiseklare langtidsholdbare produkter produsert fra og med 22. august 2016".
I tidsromet 5. oktober til 13. desember 2016 let han vere å varsle Mattilsynet om i alt 39 prøvesvar som viste funn av listeria-bakteriar i laksen som blei produsert av Sunsea.
Det tredje punktet i tiltalen er at han ikkje ville gi frå seg informasjon ved at han unnlot "å etterkomme Mattilsynets vedtak av 8. desember 2016, om å gi Mattilsynet full tilgang til samtlige analyserapporter av prøver tatt i virksomheten på produkt- og foredlingsområde/-utstyr.
Siger i tingretten
I tillegg til striden med Norway Royal Salmon har Sandanger vore i retten i samband med eit erstatningskrav på 1,2 millionar kroner frå det israelske selskapet Eve Reshatot.Eve Reshatot kravde erstatning frå Sandanger personleg etter at selskapet berre fekk halvparten av fisken det hadde bestilt og betalt frå salsselskapet Sunsea Seafood i mai 2017. Sandanger var styreleiar, dagleg leiar og medeigar i selskapet.
Retten meinte det ikkje var sannsynliggjort at Sandanger:"på avtaletidspunktet i mai 2017 hadde overtrådt sine plikter som styreleder og daglig leder i Seafood (Sunsea Seafood, red. merk) slik at det utløser ansvar overfor Eve Reshatot"
Dommen er rettskraftig.
Publisert: 13.10.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.03.2021 10:52