Olav Osvoll 1
NY TUSSA-SJEF: Olav Osvoll. Foto Tussa
Nytt

Ny sjef i Tussa

Olav Osvoll tek over etter Elling Dybdal.

19.12.2023

- Eg ser fram til å flytte heim til Tussa-regionen og til å starte i stillinga. Tussa er eit viktig selskap i regionen, og eg ser spesielt fram til å verte meir kjend med dei nye kollegaene mine. Det blir spennande å leie eit allereie veldrive konsern, i ei tid med mange moglegheiter for energibransjen, seier Olav Osvoll i ei pressemelding.

Osvoll startart i Tussa 1. april 2024.

Han kjem frå stillinga som konsernsjef i selskapet Eviny Fornybar.

Oslvoll har arbeidd i NVE, Sunnfjord Energi, BKK og no sist frå Eviny, i tillegg til nokre år i Angola. Den lange og allsidige erfaringa frå bransjen, deltakinga i ulike prosjekt og bransjeutval, erfaringa med omstillingsprosessar, brei leiarerfaring og dei rette personlege eigenskapane, er kvalifikasjonar styret har lagt vekt på i tilsetjinga, skriv Tussa i ein pressemelding.

Osvoll er opphavleg frå Volda og har budd dei siste 30 åra i Førde. No er planen at han og kona skal flytte til regionen.

Osvoll er fødd i 1964.

Publisert: 19.12.2023 16:18

Sist oppdatert: 19.12.2023 16:18