Stian Ostrem CEO Maritime Partner Fosnavag Shippingklubb foto Fosnavag Shippingklubb mandag 26 jan 2026
MANGE OPPDRAG: Stian Østrem tek over som Maritime Partner-sjef i februar. Han startar i eit selskap somhar over 20 båtar under bygging eller i ordre. Foto: Fosnavåg Shippingklubb
Nytt

Ny sjef ventar nye kontraktar

Forsvar og beredskap har blitt og vil vere viktig for Maritime Partner framover.

27.01.2026

Det er strukturelle endringar på gang i marknaden for båtbyggaren i Breivika i Ålesund, seier påtroppande Maritime Partner-sjef Stian Østrem.

Ikkje berre blir forsvaret rusta opp, men også den sivile beredskapen blir styrka. Begge deler gir Maritime Partner store kontraktar å konkurrere om. 

Nokre av oppdraga er nesten sikra.

– Vi håpar at det vil kome fleire kontraktar ganske snart, seier Østrem, som mandag 26. januar presenterte selskapet og sine vurderinger på eit møte i Fosnavåg Shippingklubb.

Friske pengar
Maritime Partner har i dag meir enn 20 båtar under bygging eller i bestilling.  Det gir bra belegg i 2026, med auke frå 2027 og ut 2028. Ordreboka omfattar mellom anna sju 21,7 meter lange båtar til den danske redningtenesta, ei kontrakt på over ein halv milliard kroner.

Den største utfordringa for Maritime Partner har ikkje vore ordreinngangen, men lønsemda.

Eigarane har i fleire omgangar gått inn med meir eigenkapital, men ventar no "et betydelig positivt resultat" i 2026, ifølgje årsmeldinga for 2025, som kom i slutten av november 2025.

Stor i offshore
Ulike typar beredskap- og redningsfartøy for olje- og gassnæringa var ein stor og viktig marknad for Maritime Partner, inntil oljeprisfallet i 2014 og den påfølgande nedturen for offshorereiaralaget.

Då snudde selskapet seg mellom anna mot forsvarsmarknaden, som saman med marknaden for båtar som blir brukt til sivil beredskap no er den viktigaste marknaden for selskapet. 

Publisert: 27.01.2026 14:48

Sist oppdatert: 27.01.2026 20:29

Mer om