Roger Halsebakk Frode Håkong Kjølås Geiranger foto Kristin Vidhammer Ogne Øyehaug Kristing Offedal
CRUISE-SATSING: Frode Håkon Kjølås (innfelt til høgre) og Roger Halsebakk vil frakte turistane utsleppsfritt inn til Geiranger.Foto: Ogne Øyehaug, Kristin Vidhammer og Kristin Offerdal,
Nytt

Ny start etter cruise-avklaring

Frode Håkon Kjølås og Roger Halsebakk set ny fart på utviklinga av Stranda som cruise-knutepunkt.

01.03.2021

NETT NO/NPK: Stortinget sa i førre veke nei til å utsetje kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026 til 2030.

Den avklaringa er Frode Håkon Kjølås godt nøgd med. Saman med Roger Halsebakk eig han Starc Holding, som vil byggje cruisekai på Stranda. Cruisekaia skal vere ein del av ei større investering for å gjere Stranda til eit knutepunkt for cruisetrafikken.

Kjølås er ein av dei tidlegare eigarane av Optimar, som produserer utstyr for sjømatnæringa, og også medeigar i hotellet og skianlegget på Stranda. Roger Halsebakk er leiar for og medeigar i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans, og mellom anna også medeigar i reiselivssatsinga på Sandsøya, der han vaks opp.

Mange cruiseskip - som går på diesel - vil ikkje få lov å gå inn til Geiranger når kravet om null utslepp av CO2 blir gjeldande frå 2026. Målet er å ta mot cruiseskipa på Stranda, og frakte dei turistane som vil til Geiranger vidare på mindre båtar som går på batteri eller anna utsleppsfritt drivstoff.

På vent
Koronakrisa og uvissa som oppsto om nullutsleppskravet ville bli utsett gjorde at planlegginga var sett på pause.

- Det er vanskeleg å forhalde seg til ein dato som ikkje er sett, seier Kjølås.

No blir det ein restart, og i løpet av nokre veker reknar Kjølås å kunne vere meir konkret om den vidare framdrifta.

- 2026 er rett rundt hjørnet og det betyr at ein må sette fart i desse planane, seier Kjølås.

Fryktar kutt
At Stortinget ikkje vil utsetje kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane gjer at cruisenæringa ser føre seg at det blir lite cruisetrafikk etter 2026 fordi få skip kan tilfredsstille kravet på så kort tid.

– Allereie no skal vi begynne å ta imot bestillingar frå cruise for 2026, og no er det ikkje eit einaste skip som har høve til å melde anløp her, seier hamnesjef Tor Mikkel Tokvam i Flåm til NRK.

2026 er rett rundt hjørnet og det betyr at ein må sette fart i desse planane
Frode Håkon Kjølås

Skuffa
Rita Berstad Maraak, dagleg leiar i Stranda Hamnevesen, er også kritisk til avgjerda.

– Vi er skuffa over vedtaket, og ventar at myndigheitene no sørgjer for gode og lokale tiltak, særleg straum. Vedtaket betyr betydeleg mindre folk og omsetning, seier ho, som dessutan meiner det ikkje er realistisk at båtane skal vere utsleppsfrie innan 2026.

Sandra Diana Bratland, destinasjonsdirektør i cruiseselskapet Carnival Norway, seier kravet vil føre til at dei vel vekk verdsarvfjordane.

– Nullutslepp i 2026 er ikkje realistisk for skipa våre, og vi kan verken segle eller opphalde oss i hamner med dette kravet. Eg synest dette er frykteleg synd for lokalsamfunna, for denne turismen kan ikkje bli erstatta, seier ho.



Publisert: 01.03.2021 06:00

Sist oppdatert: 01.03.2021 06:41