Nytt
Ny start for Moods of Norway
Moods of Norway-gründerane kjøper konkursbuet og startar på nytt. Fem aktørar konkurrerte om å overta.
04.10.2017
- Vi har kjøpt tilbake heile konkursbuet, Brandstad-kjeden, Moods USA, Moods Sverige, varelager, innbu .... og varemerket, sjølvsagt. Alt! seier Jan Egil Flo
I helga blir det opphørsal i alle butikkane, og Flo seier til avisa at alle tilsette som ikkje har fått seg ny jobb får jobben tilbake.
Hovudkontoret skal framleis ligge i Stryn.
- Dei som vekk tilslaget var dei som hadde det høgaste bodet, seier Løvik.
Interessentar til å ta over varelager og/eller heile buet kom raskt på banen, og no er det klart at grunnleggarane vil prøve på ny.
- Vi måtte jo redde selskapet. Vi har framleis tru på det, seier Flo til Fjordingen.
Kor stort omfanget av det nye selskapet blir er ikkje klart, i følgje Flo.
Ved konkursopninga anslo bustyrar Asbjørn Løvik at selskapet har samla aktiva på 70 millionar kroner, medan gjelda er på 112 millionar kroner.
I helga blir det opphørsal i alle butikkane, og Flo seier til avisa at alle tilsette som ikkje har fått seg ny jobb får jobben tilbake.
Hovudkontoret skal framleis ligge i Stryn.
Fem konkurrentar
Bustyrar Asbjørn Løvik vil ikkje oppgi kjøpesummen, men seier til NETT No at det var fem bodgivarar som konkurrerte om å kjøpet konkursbuet, og at dei tidlegare eigarane la mest pengar på bordet.- Dei som vekk tilslaget var dei som hadde det høgaste bodet, seier Løvik.
Tre år med tap
Moods of Norway har gått med store tap dei siste åra, og i september var det kroken på døra.Interessentar til å ta over varelager og/eller heile buet kom raskt på banen, og no er det klart at grunnleggarane vil prøve på ny.
- Vi måtte jo redde selskapet. Vi har framleis tru på det, seier Flo til Fjordingen.
200 personar råka
200 personar misste jobben etter konkursen i Moods of Norway og Moods Wholesale. Dei arbeidde på kontoret i Stryn og Oslo og på 18 butikkar i Noreg.Kor stort omfanget av det nye selskapet blir er ikkje klart, i følgje Flo.
Ved konkursopninga anslo bustyrar Asbjørn Løvik at selskapet har samla aktiva på 70 millionar kroner, medan gjelda er på 112 millionar kroner.
Publisert: 04.10.2017 13:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14