(NPK-NTB-Alexander Vestrum): Noreg eksporterte sjømat for 14,3 milliardar kroner i april, 2 prosent meir enn i same månad i fjor. Det skjer trass i handelsuro og fallande pris på laks.
I beløp var auken på 293 millionar kroner.
– Trass i uro i verdshandelen heldt den gode utviklinga fram for norsk sjømateksport. Noreg har aldri før eksportert sjømat for ein høgare verdi i ein aprilmånad. Veksten kjem av auka eksportvolum og ein stigande etterspurnad etter norsk laks i viktige marknader som USA og Kina, seier administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd.
Verdivekst på 7,3 prosent
Hittil i år har Noreg eksportert sjømat for 58,5 milliardar kroner. Det er ein verdivekst på 4 milliardar kroner, eller 7,3 prosent, samanlikna med same periode i fjor.
Noreg eksporterte laks for 10 milliardar kroner i april. Totalt stod denne arten for 71 prosent av eksportverdien.
– Vi ser no ei dreiing i vareflyten for laks, frå Europa til oversjøiske marknader som Asia og USA. Høgare temperaturar i sjøen og færre biologiske utfordringar førte til at det i april var meir tilgjengeleg laks i superior-kvalitet enn i same månad i fjor. Denne volumveksten kompenserte i stor grad for dei fallande lakseprisane, seier Chramer.
Ny vekst til USA
For fjerde månaden på rad var det eksporten til USA som hadde størst verdivekst. Totalt eksporterte Noreg sjømat for 1,4 milliardar kroner til USA i april. Det er ein auke på 263 millionar kroner, eller 23 prosent, samanlikna med same månad i fjor.
– April vart prega av mykje støy og uvisse om innføringa av auka tollsatsar til USA. Det er for tidleg å konkludere kva effekt dette har på den norske sjømateksporten, men Sjømatrådet følgjer denne saka tett, og det er venta at marknadsbiletet framover får stor merksemd under den største sjømatmessa i verda, som startar i Barcelona 6. mai, seier Christian Chramer.
Meir til Kina
Også sjømateksporten til Kina er i vekst. I april eksporterte Noreg sjømat for 913,8 millionar kroner til denne marknaden. Det er ein auke på 14 prosent samanlikna med same månad i fjor.
– Årsaka er ein sterk underliggjande vekst i den kinesiske laksemarknaden og at norsk laks både har god tilgjengelegheit og blir seld til konkurransedyktige prisar, seier direktøren for Sjømatrådet.
I april vart norsk sjømat eksportert til 113 land, fire fleire enn april i fjor.
Totalt eksporterte Noreg 273.000 tonn sjømat i april i år, ein vekst på 30.000 tonn samanlikna med same månad i fjor.
(©NPK)
Publisert: 06.05.2025 09:55
Sist oppdatert: 06.05.2025 09:55






