Ny Tik-sjef får meir tid til gjestane
Vartdal-brør satsar vidare som eigarar etter at tidlegare partnarar er ute.
Etter å ha vore dagleg leiar ved Tik Café og Restaurant, gir Joanne Picton Aarseth stafettpinnen som sjef vidare til Anastasiia Lysina. Ho kjem frå jobben som lærar for ukrainske flyktnigar.
Lysina er tilsett som vert – i staden for dagleg leiar. Det betyr meir tid til å ta seg av gjestane. Ho meiner Tik har eit stort potensiale.
– Eg vil ta del i å gjere dette til ein stad for alle i Ørsta, og ein plass der alle føler seg velkomne, seier ho til NETT NO om målet med jobben.
Endringar på eigarsida
Også på eigarsida er det endringar for møteplassen i Ørsta sentrum. No er det Jan Endre Vartdal og Sindre Vartdal som eig kvar sin halvpart av uteplassen gjennom selskapet Brødrene Vartdal, etter at Cecilie Langva og Torstein Holsvik har gått ut av driftsselskapet. Duoen er framleis med i eigedomsselskapet som eig bygget.
Jan Endre Vartdal forsikrar at han og broren har alle intensjonar om å helde fram med drifta av møteplassen i sentrum.
– Vi har trua på at dette er noko vi treng i Ørsta, seier han til NETT NO
Over 500 julebordgestar
Vartdal påpeikar at dei vil vere ein plass for alle aldersgrupper, både dagtid og kveld, og opplever at plassen har fått ei positiv mottaking i lokalmiljøet.
– Vi har mange bedrifter som legg avdelingsmøta sine hit, eller venner som vil møtast til ein kaffi, eller lønningspils. Før jul i fjor hadde vi fleire enn 500 gjestar på ulike julebord, legg han til.
– Langsiktig pluss-minusprosjekt
Tik opna dørene i september 2022, med servering av mat og eigen baravdeling.
Vartdal legg ikkje skjul på at møteplassen så langt har vore ei tapsprosjekt for dei lokale investorane. Rekneskapen for 2023 er ikkje levert enno, men han seier underskotet er «betydeleg».
– Dette er eit langsiktig pluss-minusprosjekt, og fokuset er ikkje å tene pengar. Som eigarar av lokale bedrifter, så er vi opptekne av trivsel for dei som bur her, og kanskje vi kan få det tilbake den vegen, seier han.
– Vi har erfaring med at ting tar tid, og ser ei positiv utvikling i bruken av plassen. Då skal vi stå i det, legg Vartdal til.
Fast møteplass for næringsaktørar
Vartdal fortel at dei har prøvd seg fram med ulike menyar og opningstider. I fjor starta dei også OppTIK, ein fast møteplass for næringsaktørar og andre samfunnsinteresserte menneske.
– Tik begynner å bli ein samlingsplass for eit vidt spekter av folk. Som eit lite samfunn kan vi ikkje ha «klikkar og klanar», men skape energi til å løfte kvarandre, seier Vartdal.
– No har vi også fått på plass ein veldig fin stab, der vi både har nokre gode kokkar og mange unge som står jobbar som ekstravakter, seier han.
Publisert: 26.02.2024 05:00
Sist oppdatert: 25.02.2024 23:36