Tik ansatte ørsta foto marius 11
KLARE TIL OPNING: Gjengen som skal jobbe ved den nye spise- og uteplassen i Ørsta sentrum. Frå venstre: Szymon Urbanski, Ying Tang, Joanne Picton Aarseth, Cecilie Bjørdal, Sunniva Elise Overå, Marie Lene Korsnes og Daniel Rodrigez. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ny restaurant i Fugl Fønix-lokala

Tik Café og Restaurant er det nye restauranttilskotet i Ørsta.

Marius Rosbach
08.09.2022

No er det klart kven som tek over drifta i lokala der Fugl Fønix låg tidlegare.

Joanne Picton Aarseth er dagleg leiar for Tik Café og Restaurant, som er namnet på den nye utestaden i Ørsta sentrum. Kjøkkensjef er Ying Tang og i tillegg har dei fem andre tilsette klare til dyst.

Det kunne eigarane i av bygget, Jan Endre Vartdal og Sindre Vartdal, fortelje til pressa torsdag. Også Cecilie Langva og Torstein Holsvik er framleis med på eigarsida.

– Vi er kjempehappy med dei som tek over og har stor tru på det det blir veldig bra, fortel Jan Endre Vartdal.

Opnar neste veke
Tik vil ha to avdelingar, ein for servering av mat og ei baravdeling. Torsdag 15. september er første opningsdag for spiseavdelinga. I løpet av hausten opnar også ei baravdeling.

Vartdal fortel at dei har teke seg tida til å finne lokale krefter til å drive staden, og få på plass ein stamme med tilsette.

– Vi har fått inn folk som likar serviceyrket, og er opptekne av kvalitet og gode opplevingar. Det er ting vi sett pris på alle saman om vi skal ut og nyte ein kopp kaffi eller ein lunsj, legg han til.

(saka held fram under)

Tik Café og Restaurant foto marius 11
FEKK PRØVESMAKE: NETT NO og fleire pressefolk fekk prøvesmake både pastasalat og hjorteburgar ved den nye spiseplassen torsdag. Foto: Marius Rosbach

Oppkalla etter vikingkjempe

Namnet Tik kjem frå det som etter sagnet skal vere ein vikingkjempe som ligg gravlagd mellom restaurantlokala og E39.

– Eg håpar Ørsta likar det vi har å by på, fortel dagleg leiar Joanne Picton Aarseth - som skal kombinere rolla med jobben som einingsleiar i kommunen.

Aarseth er godt nøgd med teamet ho har med seg, men fortel at dei framleis er på jakt etter ein ekstra kokk. Når det kjem på plass, så vil dei utvide opningstidene.

Variert meny og eventkveldar
I starten blir det matservering på dagtid - men planen er å utvide med kveldsope når dei har kapasitet. I helgane blir det bardrift i eine delen av lokalet.

Menyen vil vere variert med fokus på sesongbaserte og lokale varer. Då NETT NO fekk ein smakebit frå menyen, fekk vi mellom anna servert viltburger med kjøt frå Hovdenakk Hjort.

– Vi kjem også til å ha eventkveldar med lokalmat der ein kan bestille bord. Det kan vere alt frå asiatisk mat til burger & øl-kveld, fortel kjøkkensjef Ying Tang.

Ho vaks opp på Kina-restauranten foreldra hennar dreiv i Ørsta tidlegare, er utdanna kokk og har erfaring frå mellom anna Maki og Bro i Ålesund.

Publisert: 08.09.2022 13:14

Sist oppdatert: 08.09.2022 20:37

Mer om