Tussa-konsernet sitt resultat for 2024 er prega av nedgang i resultatet i kraftproduksjon og installasjon, medan lønnsemda for fiber og it har auka.
Det kjem fram i ei pressemelding om fjorårsresultatet.
Samtidig blir det foreslått eit rekordhøgt utbytte på 69,4 millionar kroner. Førre rekord blei sett året før med drygt 63 millionar.
Eigd av ein rekke kommunar
Konsernsjef Olav Osvoll opplyser til Nett No at prinsippet om å betale halvparten av overskotet i utbytte ligg fast, men blir rekna over tre år. Etter nokre svært gode år, blir det difor eit etterslep med høgare utbetaling.
Selskapet er eigd av KLP og ein rekke kommunar, hovudsakleg på søre Sunnmøre. I fjor blei det gitt signal om at fleire kommunar ønska høgare utbytte frå konsernet.
Kraftig redusert overskot
Samla driftsinntekter for Tusa enda på 891,3 millionar – kring 30 millionar lågare enn samanliknbare tal året før (sjå tabell under).
Omsetningstala for konsernet er betydeleg lågare enn tidlegare. Årsaka er at Tussa sitt eigarskap i Linja, er redusert – og difor ikkje blir rekna med i konserntala lengre.
Resultatet før skatt blei redusert med meir enn 100 millionar, og enda på 171 millionar kroner.
Tussa har 26 heileigde kraftverk og er deleigar i 3 kraftverk, medan Tussa Installasjon i dag den største elektrotekniske installasjonsverksemda i regionen. Konsernet hadde 277 tilsette ved utgangen av 2024.
Les også
Tussa (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 891,3 | 922,8 |
Driftsresultat | 150,2 | 251,5 |
Resultat før skatt | 171,4 | 286 |
Publisert: 10.04.2025 09:59
Sist oppdatert: 10.04.2025 10:38