Tussa kraftverk Bjorke foto Tussa
BJØRKE: Tussa vil investere opptil éin milliard kroner i nytt kraftverk på Bjørke i Volda. Utbygginga av avhengig av løyve frå NVE. Foto: Tussa
Nytt

Tussa vil investere milliardbeløp her

Nytt kraftverk kan gi nær tredobling av straumproduksjonen.

Marius Rosbach
22.10.2024

Tussa vil byggje eit nytt Tussa kraftverk på Bjørke i Volda, som skal sikre stabil energiforsyning og møte regionen sitt framtidige effektbehov, ifølgje ei pressemelding.

Det nye kraftverket vil auke effekten av produksjonen frå 60 til 150 megawatt. 

Den samla investeringa kan verte kring éin milliard kroner. 

– Prosjektet kan føre med seg stor aktivitet lokalt, og kan også gi regionale ringverknader. Tussa ønskjer å nytte lokale leverandørar der det er mogleg, ifølgje meldinga.

Oversiktskart Tussa nytt kraftverk kart
OVERSIKTSKART: Eksisterande Tussa kraftverk er markert med raud strek. Det nye anlegget er markert med svart strek. Den grøne streken er vegen opp til Tyssevatnet, der delar kan følgje eksisterande vegnett (tynn svart strek), og delar kan verte lagt i ny tunnel.

Kan stå klart innan 4 til 6 år
Tussa vil bygge det nye kraftverket innafor den eksisterande konsesjonen. 

Om Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) gir løyve til dette, vil kraftverket kunne stå klart i løpet av fire til seks år, heiter det vidare.

–  Nye Tussa kraftverk vil bidra til stabil energiforsyning i ein kraftmarknad som er prega av uregulert kraftproduksjon frå sol, vind og elvekraft. I ein ustabil kraftmarknad er det behov for stabiliserande effektkraftverk, uttaler konsernsjef Olav Osvoll i meldinga. 

Mykje av utbygginga skjer inne i fjellet
Prosjektet inneberer at Tussa både vil byggje ny kraftstasjon og nye vasstunnelar. Denne delen av utbygginga vil gå føre seg inne i fjellet med avgrensa konsekvensar for natur og miljø.

Det blir opplyst at dammen ved Tyssevatnet må oppgraderast for å stette nye krav. Difor vil Tussa også vil byggje veg frå Åkreåsen med tunnel opp i Tyssedalen, og bruke eksisterande vegnett i fjellet til å bygge ut kraftverket og oppgradere dammen.

– Det blir ingen endring i reguleringa av vassdraget, nye dammar eller overføringar til kraftverket. Her skal vi nytte den eksisterande vassdragskonsesjonen, seier Osvoll.

Tidlegare tysdag blei det kjent at det har vore folkemøter i bygda for å informere om planane.

Publisert: 22.10.2024 20:46

Sist oppdatert: 23.10.2024 00:23

Mer om