Vestenergi Distribusjon på Nordfjordeid
-Årsaka er at vi tapte mykje pengar på konkursen i dotterselskapet Bergen Varme, sa eigaren Tom Andre Barmen til NETT NO i 2014.
Då hadde han allereie skipa eit nytt selskap, Vestenergi. No er også det selskapet konkurs, etter krav frå skattestyresmaktene.
Trass i tidlegare konkursar rekna Barmen med å oppretthalde tilliten hos kundane.
- I varmepumpebransjen er det ganske hyppige konkursar, sa Barmen.
NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med Barmen etter konkursopninga i Vestenergi.
Ein person som er ilagt konkurskarantene kan som hovudregel ikkje stifte aksjeselskap, bli innvald som styrmedlem eller tilsett som dagleg leiar.
Spørsmålet om karantene etter Bergen Varme-konkursen er ikkje avgjort.
Seinast tidleg på hausten 2013 var selskapet illikvid (mangla kontantar å betale med), og seint på hausten var det også insuffisient (hadde høgare gjeld enn verdiar). Eit selskap som både er illikvid og insuffisent er insolvent og skal som hovudregel melde oppbod.
Advokat Roar Berge i Førde er bustyrar i konkursen i Vestenergi.
-Årsaka er at vi tapte mykje pengar på konkursen i dotterselskapet Bergen Varme, sa eigaren Tom Andre Barmen til NETT NO i 2014.
Då hadde han allereie skipa eit nytt selskap, Vestenergi. No er også det selskapet konkurs, etter krav frå skattestyresmaktene.
Ny start
I følgje Barmen tok Vestenergi over garanti- og serviceansvaret frå Vestenergi Distribusjon. Selskapet skulle drive med få faste tilsette og innleigde montørar.Trass i tidlegare konkursar rekna Barmen med å oppretthalde tilliten hos kundane.
- I varmepumpebransjen er det ganske hyppige konkursar, sa Barmen.
NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med Barmen etter konkursopninga i Vestenergi.
Ba om konkurskarantene
Bergen Varme - som Barmen meinte gjorde at også Vestenergi Distribusjon gjekk overende - gjekk konkurs i april 2013. Advokat Thore Heggen var bostyrar konkursbuet i Bergen Varme, og det er i samband med Bergen Varme-konkursen Heggen innstilte på at Barmen blir ilagt konkurskarantene. Det gjekk fram av den førebelse burapporten i Vestenergi Distribusjon. Barmen var styreleiar i Bergen Varme.Ein person som er ilagt konkurskarantene kan som hovudregel ikkje stifte aksjeselskap, bli innvald som styrmedlem eller tilsett som dagleg leiar.
Spørsmålet om karantene etter Bergen Varme-konkursen er ikkje avgjort.
Burde gitt seg før
Heggen var også bustyrar etter konkursen i Vestenergi Distribusjon i 2014. Selskapet burde ha meldt oppbod tidlegare enn i mars i 2014, meinte han.Seinast tidleg på hausten 2013 var selskapet illikvid (mangla kontantar å betale med), og seint på hausten var det også insuffisient (hadde høgare gjeld enn verdiar). Eit selskap som både er illikvid og insuffisent er insolvent og skal som hovudregel melde oppbod.
Advokat Roar Berge i Førde er bustyrar i konkursen i Vestenergi.
I varmepumpebransjen er det ganske hyppige konkursar
Publisert: 08.03.2016 11:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53