Etter to år med ein liten nedgang både for konsernet og hovudselskapet Helland Møbler, er det ny vekst i år.
Veksten kjem både på heimebane, og spesielt i utlandet. Helland Møbler har ein eksportandel på omlag 20 prosent.
Det er Sverige som er hovudmarknaden for eksporten, og det er spesielt vekst i den svenske marknaden og frå nylanserte modellar som gir møbelbedrifta i Stordal vekst i år.
Han eig Helland Eiendom saman med broren Runar og faren Sindre. Så langt ligg selskapet også an til å betre lønsemda i år, ifølgje Helland (sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida).
Helland Møbler er eigd av Helland Eiendom, som også eig platemøbelprodusenten Brøste Møbler i Romsdalen.
Både Brøste Møbler og Helland Baltic har Helland Møbler som hovudkunde, men dei produserer også for andre.
I 2015 flytta Helland Møbler produksjonen til Estland og har i dag att hovudkontor, sal- og produktutvikling i Stordal.
Sidan 2016 har selskapet og arbeidd med å ta i bruk velferdsteknologi, og utstyre møblane med sensorar som mellom anna kan varsle både brukarar, pårørande og pleiarar om helsetilstand og eventuelle hjelpebehov for den som sit i stolen.
I år vart satsinga skilt ut i eit eige selskap, Varda Care, med tidlegare marknadssjef Geir Østrem som leiar. Varda Care arbeider med å få investorar inn som medeigarar.
Veksten kjem både på heimebane, og spesielt i utlandet. Helland Møbler har ein eksportandel på omlag 20 prosent.
Det er Sverige som er hovudmarknaden for eksporten, og det er spesielt vekst i den svenske marknaden og frå nylanserte modellar som gir møbelbedrifta i Stordal vekst i år.
Høgare inntekter og betre lønnsemd
Veksten kjem sjølv om koronaepideminen har gjort at fleire moglege kundar no brukar lenger tid på å bestemme seg for innkjøp, seier dagleg leiar og medeigar Joakim Helland til NETT NO.Han eig Helland Eiendom saman med broren Runar og faren Sindre. Så langt ligg selskapet også an til å betre lønsemda i år, ifølgje Helland (sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida).
Helland Møbler er eigd av Helland Eiendom, som også eig platemøbelprodusenten Brøste Møbler i Romsdalen.
Flytta produksjonen
I tillegg eig Helland Møbler også Helland Baltic i Estland, eit selskap som hadde fem millionar euro i driftsinntekter og 0,1 millionar euro resultat før skatt i fjor.Både Brøste Møbler og Helland Baltic har Helland Møbler som hovudkunde, men dei produserer også for andre.
I 2015 flytta Helland Møbler produksjonen til Estland og har i dag att hovudkontor, sal- og produktutvikling i Stordal.
Skil ut teknologiselskap
Hovudmarknaden for Helland Møbler er institusjonar, med møblar som er lette å sette seg i og reise seg frå. Selskapet er og i ferd med å arbeide seg inn i privatmarknaden med møblane sine.Sidan 2016 har selskapet og arbeidd med å ta i bruk velferdsteknologi, og utstyre møblane med sensorar som mellom anna kan varsle både brukarar, pårørande og pleiarar om helsetilstand og eventuelle hjelpebehov for den som sit i stolen.
I år vart satsinga skilt ut i eit eige selskap, Varda Care, med tidlegare marknadssjef Geir Østrem som leiar. Varda Care arbeider med å få investorar inn som medeigarar.
Les også:
Publisert: 17.09.2020 12:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02