Gunnar Larsen Hav Group 4 Q 22 skjermbilde
KONTRAKT: Avtalen med Wilson-reiarlaget har sikra Hav Group-datterselskap oppdrag sidan 2020. I dag kunne Hav Group-sjef Gunnar Larsen sende ut melding og nok eit oppdrag.
Nytt

Ny Wilson-kontrakt for Hav Group

Skal levere rensesysten for ballastvatn til seks skip.

15.02.2024

Det er Hav Group sitt datterselskap Norwegian Greentech som har inngått kontrakten. Prisen er ikkje opplyst.

Les børsmelding her

Wilson skal plassere utstyret ombord i seks bulkskip reiarlaget får bygd hos Udupi Cochin Shipyard i India. Kontrakten omfattar også ei opsjon på tilsvarande utstyr til ytterlegare åtte bulksskip. Dei skipa skal eventuelt byggast ved same verft.

Kjent kunde
Wilson reiarlaget er ein kjent kunde frå Hav Group og Norwegian Greentech. Reiarlaget har allereie fått levert rensessystem frå Norwegian Greenttech for ballastvatn til over 100 fartøy.

I 2020 melde Norwegian Greentech om ein langsiktige avtale med Wilson-reiarlaget, som sikra oppdrag i fleire år.

Heile Wilson-flåten på 120 skip skulle utrustast med systemet, i perioden 2020-2024. Meldinga løfta aksjekursen i Havyard Group - som då var eigar av Norwegian Greentech - med 80 prosent då den kom.

Norwegian Group er i ettertid skilt ut av Havyard Group saman med tre andre søsterselskap, og er i dag ein del av børsnoterte Hav Group.

Like etter børsopning i dag var kursen i Hav Group opp 3,23 prosent, til 11,20 kroner aksjen.

Publisert: 15.02.2024 09:28

Sist oppdatert: 15.02.2024 09:28