Naf
ELBIL: Elbilsalet eksploderer. Over 91 prosent av privatkundane kjøpte elbil i september, 32 prosent av desse kjøpte Tesla. Foto: NAF/Motor
Nytt

Bilsalet rett opp - nesten alle kjøper elbil

91,3 prosent av alle privatkundar som kjøpte ny bil i september, valde å kjøpe elbil.

02.10.2021

Dette går fram av ferske tal frå Opplysningskontoret for veitrafikken (OFV).

I september vart det seld 13.946 elbilar, mot berre 956 bilar med diesel- eller bensinmotor.

Dersom ein tek med tala for næring og leasing, er andelen elbilar nede på 78 prosent av nybilsalet.

Hopp i Nordvest
Uansett er begge deler solide nye rekordar.

I Møre og Romsdal vart det seld 793 nye privatbilar i september, mot 654 i september i fjor.

Hittil i år er det seld 5.570 nye privatbilar, mot 4.066 på same tid i fjor.

I Sogn og Fjordane vart det seld 282 nye privatbilar i september, mot 242 i fjor.

På årsbasis er det seld 1.993 nye privatbilar, opp frå 1.490 i fjor.


Nye bilar selde i september:

Antall biler totalt

Andel

Antall solgte til privatkunder

Andel

Bensin

548

3,0 %

166

1,4 %

Bensin Hybrid

581

3,2 %

130

1,1 %

Bensin Plugin Hybrid

2 403

13,4 %

482

4,8 %

Diesel

408

2,2 %

131

1,1 %

Diesel Plugin Hybrid

103

0,6%

30

0,3 %

Elektrisitet

13 934

77,5 %

10 833

91,3 %

SUM

17 982

100 %

11 755

100 %

Manglar ladarar
I ei pressemelding seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF at no må den nye regjeringa ta grep for å byggje ut nettet med hurtigladarar.

- Dette går én veg. Den norske bilparken elektrifiserast, månad for månad. At nesten fire av fem nye bilar som vert selde er elektriske er ny norsk rekord, seier Ryste.

Ho seier at dagens hurtigladenettverk langs vegane ikkje er dimensjonerte for denne enorme veksten i elbilar, der det kjem over 300 nye elbilar om dagen i snitt.

- Det er ikkje berre i distrikta, men også langs hovedfartsårar som Oslo-Kristiansand og Oslo-Trondheim det manglar eit betydelig antal ladarar, seier Ryste.

Det andre ho peikar på er heimelading.

- Solberg-regjeringen innfridde aldri løfta om ei støtteordning for heimelading i byggelag og garasjeanlegg. Det bør no kome på plass i statsbudsjettet for 2022, seier Ryste.

Sjølv om det finst over 400.000 elbilar på norske vegar er framleis dieselbilen dominerande
Camilla Ryste

Flest køyrer diesel
NAF minner samtidig om at ein meir differensiert bilpark krever ein meir differensiert bilpolitikk.

- Sjølv om det finst over 400.000 elbilar på norske vegar er framleis dieselbilen dominerande. Det finst over 1,2 millionar dieselbilar på norske vegar. Folk flest eig ein dieselbil.

- No som elbilsalget går den vegen myndigheitene vil, er det meiningslaust om en ny regjering presser på med auka avgifter på bensin og diesel, seier Ryste

Nybilsal
TESLA: Over 32 prosent av alle som kjøpte nybil i september, kjøpte ein Tesla. Kjelde: OFV

Publisert: 02.10.2021 08:36

Sist oppdatert: 02.10.2021 18:50

Mer om