Nybygg for Leinebris
Sju år etter førre nybygg bestiller linebåtreiarlaget Leinebris ny og større båt.
Medan gamle «Leinebris» er 58,40 meter lang og 13,8 meter brei , blir det nye fartøyet 64,90 meter langt og 15,00 meter breitt, skriv Kystmagasinet, som anslår at prisen blir omlag ein halv milliard kroner.
Lite er førebels kjent om fartøyet. Men det vil ut frå GA-teikningar lagt ved søknad om erverv, bli rigga for line og snurrevad. Basert på kvotegrunnlaget for fartøyet blir det sansynlegvis også rigga for garnfiske, skriv Kystmagasinet.
Skipsteknisk i Ålesund har teikna fartøyet og i teikningane er det også teikna inn utstyr frå Brunvoll.
Skipet skal byggast av Tersan Shipyard i Tyrkia, akkurat som dagens "Leinebris", skriv Kystmagasinet.
Fiskebåtreiarlaget Leinebris as er eigd av Paul Harald Leinebø i Herøy og Åge og Øyvind Uran med fleire på Averøya etter at dei to reiarlaga slo seg saman og bygde dagens "Leinebris" i 2015.
Publisert: 31.01.2023 17:01
Sist oppdatert: 31.01.2023 17:28