Konsernsjef Hans Jørgen Fedog og salssjef Rune Gamlem ved Green Yard Kleven hadde godt nytt på ein grå dag då Green Yard Kleven hadde invitert pressa til verftet.
– Det er ei enorm glede at vi kan legge fram ei nybyggingskontrakt her ved verftet for første gong på fleire år, fortalde Fedog under pressetreffet fredag.
Bestilt av rumensk energiselskap
Det er det rumenske energiselskapet OMV Petrom S.A. som bestiller skipet. Skipet skal vere eit støttefartøy for ei ubemanna gassplattform i rumensk farvatn i Svartehavet.
Fartøyet skal leverast frå verftet i Ulsteinvik i andra halvår 2026.
Når det kjem i arbeid skal det vere base for teknikarar for vedlikehald på plattformen, og brukast til å utføre lettare vedlikehald-, inspeksjon- og reprasjonoppdrag-oppdrag på feltet, i tillegg til å frakte folk og forsyningar, ifølgje ei pressemelding frå Green Yard Kleven.

Teikna av Marin Teknikk i Herøy
Skipsdesignaselskapet Marin Teknikk i Herøy har teikna det 89,5 meter lange skipet, som har einmannslugarar til 90 personar.
Det blir utstyrt med batteripakkar og for å kunne ta i bruk metanol som drivstoff.
Skroget blir bygd av selskapet Montex i Polen og skal etter planen kome tilUlsteinvik i starten av 2026.
– Seabrokers si avdeling i Fosnavåg har også bidratt til å gjwre denne kontrakta mogleg. I tillegg til Seabrokers og Marin Teknikk ønskjer vi å samarbeide med lokale aktørar så langt det er råd, og vi trur vi vil få til fleire gode lokale samarbeid i dette prosjektet, seier salssjef Rune Gamlem i Green Yard Kleven, i pressemeldinga.
Treng fleire folk
Green Yard Kleven skriv i pressemeldinga at selskapet har halde på kompetansen til å bygge nye skip, og at selskapet framover til trenge fleire folk.
– Vi er allereie i gang med ein rekrutteringsprosess for å styrke oss i produksjonen og på teknisk. Men det er viktig å framheve at vi har tilstrekkeleg kompetanse til å gjennomføre eit slikt prosjekt, la Fedog til under pressemøte.
Behovet for nye tilsette, vil også vere avhengig av kva som skjer i dei andre marknadene verftet jobbar i. Fedog understeka fredag at verftet framleis skal jobbe både med resirkulering og ombygging.
Publisert: 11.10.2024 10:59
Sist oppdatert: 11.10.2024 14:36