Marin Teknikk green Yard foto Marin teknikk
HAR DESIGNA SKIPET: Marin Teknikk i Herøy står bak designet av skipet. Frå venstre: Helge Trond Roppen, Paul Endre Sætre, Jan Jarominak, Svein-R. Gjerde, Jarl-Åge Vågsholm og Hans Ove Sjåstad. Foto: Marin Teknikk
Nytt

Skipsdesignaren fekk ideen i 2006

Green Yard Kleven-avtalen kom via Fosnavåg-meklar. Marin Teknikk-sjefen håpar det blir fleire skip.

Marius Rosbach
11.10.2024

Fredag kom nyheita om at Green Yard Kleven har sikra sitt første nybygg ved verftet i Ulsteinvik. 

– Skipet har ei spesiell historie, fortel salssjef Rune Gamlem ved Green Yard Kleven. 

Marin Teknikk har jobba med nybygget over lengre tid, utan at det har kome på plass eit byggeverft. Kontrakten deira blei inngått allereie for eitt år sidan.

Avtalen kom via Fosnavåg-meklar
I utgangspunktet var det meklarane i Seabrokers i Fosnavåg som fekk oppdraget frå det rumenske energiselskapet om å finne eit design. 

– Meklaren var ute hos fleire verft og høyrde om pris, og det enda med at prosjektet hamna hos oss, utdjupar han. 

Verftet vil ikkje kommentere fleire detaljar om korleis finansieringa kom på plass, men fortel at det ikkje er nokon norske aktørar med. 

Marin Teknikk green yard MT6067 illustrasjon Marin teknikk
KOPLAST TIL RIGGEN: Marin Teknikk i Herøy har designa det 89,5 meter lange skipet som skal byggjast ved verftet. Skipet skal vere eit støttefartøy for ei ubemanna gassplattform i rumensk farvatn i Svartehavet. Illustrasjon: Marin Teknikk

– Har ein betydeleg verdi
Dei tilsette på Green Yard-verftet har allereie visst om avtalen i fleire dagar og konsernsjefen kunne fortelje om ei «betydeleg glede» i arbeidsstokken over utsiktene til igjen å bygge eit nytt skip ved verftet, 

– Avtalen har ein betydeleg verdi som er langt over det Green Yard Kleven har hatt til no, la Fedog til. 

Det var stor glede hos både leiing og dei tilsette ved verftet. Det same var tilfelle hos skipsdesignarane i Marin Teknikk. 

– Det var med glede at vi fekk beslutninga om at Green Yard Kleven blei valt til å byggje skipet.  Det er eit verft Marin Teknikk har arbeida saman med over lang tid på fleire skipsprosjekt, skriv selskapet i meldinga. 

Green Yard Kleven Hans Jorgen Fedog Rune Gamlem foto Marius
FØRSTE KONTRAKT: Konsernsjef Hans Jørgen Fedog og salssjef Rune Gamlem ved Green Yard Kleven fredag. Kontrakten er det første nybygget ved verftet sidan Green Yard-konsernet tok over som eigarar. Foto: Marius Rosbach

Jobber med fleire versjonar
Marin Teknikk-sjef Svein-Rune Gjerde fekk ideen til skipet som no skal byggast allereie i 2006. Han meiner skipet sett ein ny standard offshoreindustrien med sitt nye design. 

– Fleire versjonar av skipskonseptet for bruk som installasjonfartøy til offshore-wind er også under utvikling, heiter det i meldinga frå skipsdesignarane. 

Skipsdesignselskapet med base på Myrvåg har vind i segla om dagen. Rekneskapen for 2023 viste ei kraftig auke i inntektene - og samtidig snudde resultatet frå minus til pluss.

Fleire nyvinningar om bord
Konseptet inkluderer mellom anna ei to-skrogs-løysing som skal redusere rørslene når skipet blir treft av sjø. 

Om bord blir det også fire azimuth-propellar som skal gi høg slepekraft. Skipet skal vere kontinuerleg vere kopla til riggen med ein gangveg, slik at til eksempel personell kan bli evakuert raskt.

– Da vi for nokre år sidan beslutta at vi skulle starte på arbeidet med å utvikle eit slikt skip, der vi i første omgang hadde offshore-wind i tankane, så stilte eg som eit krav at vi måtte utvikle noko som både er betre og forskjellig frå dei OSV- og CSOV-skipa som då var rådande i marknaden, uttaler Gjerde i pressemeldinga. 

Publisert: 11.10.2024 14:21

Sist oppdatert: 11.10.2024 14:32

Mer om