Gollenes 1
NYBYGG: Gollenes er klar frå Karstensens Skibsværft. Foto: Gollenes
Nytt

Nye Gollenes døypt i Skagen

Herøy sin nyaste pelagiske trålar levert nesten på tid.

02.04.2023

Karstensens Skibsværft i Skagen har siste åra levert ei rekkje fiskebåtar til reiarar i Norge. Laurdag vart Herøy-båten Gollenes døypt, ein pelagisk trålar til Gollenes-reiarlaget i Kvalsvika.

Båten er 69,96 meter lang og 14,80 meter brei, der skroget er bygt ved Karstensens eige skrogverft i Gdansk. Utrustningsarbeidet har skjedd i Skagen, og båten er levert rundt ein månad etter tida. Til Vestlandsnytt seier reiar Frode Kvalsvik at det er innafor på tid.

Gollenes 2
DÅP: Gollenes vart døypt i Skagen laurdag. Foto: Gollenes

Dobbeltrål
Gollenes-reiarlaget har seld gamlebåten, og tatt årets makrell- og loddekvote med båten Vikingbank. Gamlebåten vart også bygt ved Karstensen.

No er planen å gå på kolmula, der kvoten no er utvida.

Med nye Gollenes kan det også fiskast med dobbeltrål, noko som er mest aktuelt under fiske av augepål.

Reiarlaget har åtte lokale aksjonærar, der Frode Kvalsvik er største aksjonær med 41 prosent av aksjane. I 2021 fiska Gollenes for 67,9 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 19,8 millionar.

Publisert: 02.04.2023 08:21

Sist oppdatert: 02.04.2023 08:28

Mer om