Jonas gahr støre desember 2021 foto ntb 11
VIL STRAMME INN: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner smitteauken gjer det nødvendig med meir kraftfulle tiltak fram mot jul. Foto: Torstein Bøe/ NTB / NPK
Nytt

Nye koronatiltak på veg

Regjeringa med pressekonferanse måndag kveld.

13.12.2021

(NPK-NTB-Johan Falnes): Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) stadfestar at koronatiltaka må strammast inn på nytt.

– Situasjonen er alvorleg. Smittespreiinga er for høg. Og vi er nøydde til å treffe tiltak for å avgrense den utviklinga.

Det sa statsministeren til NTB tidleg måndag ettermiddag.

Kort tid etterpå kom beskjeden om at regjeringa kallar inn til pressekonferanse allereie måndag kveld klokka 20. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og helseminister Ingvild Kjerkol vil vere til stades

Sjå sendingadirekte frå klokka 20 (ekstern lenke)

Rekordmange på sjukehus
Sjukehusinnleggingane er høgare enn nokon gong før i pandemien, med 358 innlagde måndag. Samtidig held smitten fram å stige, og berre førre veke vart det registrert i overkant av 32.000 nye tilfelle. I ei ny risikovurdering spår Folkehelseinstituttet (FHI) at omikronvarianten vil føre til «betydeleg auka smittespreiing» framover.

Støre seier målet no blir å kontrollere smitten gjennom vinteren.

– Det har to hensikter, seier han.

– Det eine er å unngå at helsevesenet blir overbelasta, slik at det går ut over jobben dei skal gjere, både i sjukehusa og i kommunane. Det andre er å sørgje for at den sosiale og økonomiske belastninga ikkje blir større enn nødvendig.

Omikron «endrar spelereglane»
Det er omikron som utfordrar oss, fastslår statsministeren.

Så langt er det påvist 958 tilfelle av den nye virusvarianten i Noreg. Omikron er truleg meir smittsam enn tidlegare variantar, og vaksinane ser ut til å gi dårlegare vern mot smitte.

Samtidig er det håp om at varianten kan vere mildare enn delta. Men dette er framleis usikkert.

– Omikron endrar spelereglane. I dag har vi ikkje nok kunnskap om mutasjonen, seier Støre.

Han understrekar at kapasiteten i helsevesenet må vernast. Samtidig er høgt sjukefråvær ei bekymring.

– Det krev at vi fortløpande justerer tiltaka våre. Og det er vi òg nøydde til å gjere no inn mot jul.

– Allereie denne veka?

– Ja, med den utviklinga vi ser no, vil det komme nye tiltak.

– Kva type justeringar kjem?

– Det kjem vi raskt tilbake til. Vi jobbar med dette kvar dag og får løpande oppdateringar, og FHI og Helsedirektoratet tettar kunnskapshol. Men det er no særleg Folkehelseinstituttets analysar av spreiinga og veksten i smittetakten som vi legg til grunn for tiltak.

Smittevern og vaksinasjon
Statsministeren varslar at dei nye tiltaka vil gå langs to spor.

Det eine er å flate ut smittespreiinga ved å avgrense talet på sosiale kontaktar.

– Det er all grunn til å tru at dei tiltaka som er innførte, har effekt på smitten. Men slik situasjonen er no, har vi ikkje tid til å vente og sjå effekten av dei tiltaka som alt er innførte, seier Støre.

Det andre er vaksinasjon.

– Der er vi godt i gang. Men vi ser på moglegheita for å gjere det endå betre.

Støre går ikkje meir konkret inn i korleis dette kan skje, men eitt spørsmål som helsestyresmaktene har hatt oppe til vurdering den siste tida, er vaksinasjon av barn i alderen fem–elleve år.

Eit anna spørsmål er utrullinga av tredje dose for vaksne.

Lovar julefeiring
Varselet om nye innstrammingar kjem mindre enn ei veke etter førre tiltakspakken til regjeringa.

Men slike endringar må vi berre venne oss til, meiner Støre. Han understrekar at han var påpasseleg med å ta atterhald om dette då den førre tiltakspakken vart presentert.

– Eg sa òg då at vi kan komme til å måtte komme tilbake med nye tiltak raskt. Og får vi kunnskap om det, så vil vi ikkje nøle.

– Blir det mogleg å feire jul i år?

– Ja, det blir det.

– Er vi på veg mot ei nedstenging?

– Vi må førebu oss på tiltak som dessverre grip inn i kvardagen til folk.

Publisert: 13.12.2021 13:54

Sist oppdatert: 13.12.2021 15:25

Mer om