Hexagon Purus ventar dårlegare utvikling enn det som er spådd tidlegare. Det gjer at dei vil redusere kostnadene med kring 200 millionar og seie opp 15 prosent av staben i løpet av første halvår.
Det kjem fram i rapporten for 4. kvartal 2024 som blei lagt fram tysdag morgon.
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar for ulike køyretøy, og leverer i tillegg batterianlegg til same marknader.
– Vi er hardt råka
Mykje av årsaka til usikkerheita kjem som følgje av presidentskiftet i USA. Samtidig er utviklinga i hydrogenmarknaden svakare enn venta i Europa, blir det opplyst i børsmeldinga.
– Vi er hardt råka av konsekvensane frå usikkerheita kring den komande politikken, sa Hexagon Purus-sjef Morten Holum under presentasjonen av resultata.
Sjå presentasjonen her (ekstern lenke)
Holum erkjente at selskapet no var i ein ny situasjon. Meir usikkerheit gir dårlegare moglegheiter til å planlegge framover, og det er større variasjon av dei ulike utfalla som kan vere sannsynleg. Selskapet vil difor vente med å kome med konkrete spådommar for resultata framover.
– Vi venter ei svakt første halvår, og eit sterkare siste halvår i 2025, la han til.
Ventar svikt i inntektene første kvartal
Medan Hexagon Purus hadde sterk vekst i inntektene i 3. kvartal i fjor, bremsa veksten opp i årets siste kvartal.
Inntektene for heile året enda med ei auke på 42 prosent. Selskapet fekk mellom anna utsett ordre til 2025 som gjorde at inntektene blei lågare enn venta i fjerde kvartal 2024.
Spesielt i første kvartal i år ventar selskapet betydeleg lågare inntekter enn tidlegare anslått. Spesielt ser dei svikt i marknaden for mindre batteridrivne lastebilar, der selskapet tidlegare venta stor vekst i løpet av 2025.
Betydelege tap på slutten av fjoråret
Underskotet auka etter betydelege tap i fjerde kvartal 2024.
Driftsresultatet gjekk frå eit underskot på knappe 600 millionar, til drygt 900 millionar kroner i minus for heile 2024 (sjå tabell under).
Tapa skuldast nedskrivingar påverka av utviklinga for immaterielle verdiar og verdifall på anleggsmidlar.
I løpet av kvartalet har selskapet óg henta inn éin milliard kroner i ny eigenkapital.
(saka held fram under)
Hexagon Purus ASA | ||
Per 4. kvartal. i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 1875,8 | 1319,6 |
Driftsresultat | -910,6 | -595,3 |
Resultat før skatt | -1.211,7 | -691,3 |
Hexagon Purus ASA | ||
4. kvartal. i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 396,3 | 365,6 |
Driftsresultat | -516,6 | -181,2 |
Resultat før skatt | -669,6 | -187,3 |
Aksjefall etter resultatvarsel
Hexagon Purus kom også med eit resultatvarsel i slutten av januar som viste at veksten hadde bremsa opp i siste kvartal i fjor. Same dag sank aksjen kring 24 prosent til ny botnrekord til då - på 3,10 kroner aksjen.
Før handelen startar tysdag står kursen i 2,97 kroner.
Tidleg i 2021 var kursen over 80 kroner aksjen, men deretter trenden vore negativ.
Les også
Publisert: 11.02.2025 07:54
Sist oppdatert: 11.02.2025 09:51