Jon Ivar Nygård Foto Jakob Vorren Samferdselsdepartementet 11
PÅ HØRING: Krava om å kutte utsleppa på hurtigbåtar og ferjer er lansert tidlegare. No blir forslaget sendt ut på høyring frå samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Jakob Vorren Samferdselsdepartementet
Nytt

Nye krav til utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar

Regjeringa sender ut forslag på høyring.

10.05.2023

(NPK-NTB): Innan 2025 skal alle nye hurtigbåtar vere utsleppsfrie, og ferjene må bli utsleppsfrie så raskt som mogleg, ifølgje eit forslag regjeringa har lagt fram onsdag.

Forslaget inneber innføring av nullutsleppskrav for ferjer så tidleg som mogleg og for hurtigbåtar frå 1. januar 2025, opplyser Samferdselsdepartementet.

– Både staten og mange fylkeskommunar har allereie erstatta gamle dieselferjer med nullutsleppsalternativ, og vi ser ei lovande utvikling for hurtigbåtane. Men utsleppa må framleis ned, og derfor ønskjer eg å innføre krav til nullutslepp for både ferjer og hurtigbåtar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Nødvendig
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) meiner kravet om nullutslepp vil setje fart på utviklinga, og at det er nødvendig for eit grønt skifte i sektoren.

– Det å bruke muskelen som er offentlege innkjøp, er ein veldig viktig del av klimapolitikken, og eg er veldig glad for at vi får desse krava no, seier han til NRK.

Mange hundre tonn CO2
Forslaget er altså at alle nye kontraktar som blir inngåtte frå 2025, skal krevje utsleppsfrie båtar.

– Så tek det jo litt tid å byte ut dei kontraktane vi har. Vi respekterer jo inngåtte avtalar, men over tid skal alle samband vere utsleppsfrie, seier Eide til kanalen.

Om lag 200 ferjar og 80 hurtigbåtar går langs kysten av Noreg. Årleg slepper dei ut høvesvis 580.000 tonn og 130.000 tonn CO2, ifølgje ein rapport Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ) har laga for Klima- og miljødepartementet.

(©NPK)

Publisert: 10.05.2023 10:18

Sist oppdatert: 10.05.2023 10:18

Mer om