Nye reduksjonar ved I P Huse
FÆRRE TILSETTE: Administrerande direktør Morten Hopland (innfelt) i I. P. Huse må redusere arbeidsstokken. 
Nytt

Nye reduksjonar ved I. P. Huse

Marknaden er framleis svak og Harøya-bedrifta treng fleire bein å stå på, seier I. P. Huse-direktør Morten Hopland.

Marius Rosbach
21.01.2020
IP Huse må gjennom nye reduksjonar i arbeidsstokken. Kor mange som må gå, er ikkje klart, ifølge administrerande direktør Morten Hopland.
– Vi kommenterer ikkje tal, fordi vi er i ein tett dialog med dei tilsette og tillitsvalte, fortel Hopland til NETT NO.

Har redusert siste åra

Ved årsskiftet hadde I P Huse 112 tilsette. Redusert aktivitet og endringa i produktsamansetninga gjer at bedrifta må restrukturere og gjere tilpassingar i kapasiteten, ifølgje ei melding frå bedrifta.
– Vi jobbar mykje mot andre marknader, men har ikkje lukkast slikt vi håpte på. Det som skal til, er å få fleire bein å stå på, seier Hopland.
Då NETT NO omtala årsresultata for 2018 i fjor sommar, fortalde Hopland at dei hadde ved starten av 2017.

Marknaden har stupt

Den tradisjonsrike bedrifta har i hovudsak levert vinsjar til ankerhandteringsskip og system for å forankre boreriggar.
Marknaden for desse produkta har stupt i kjølvatnet av offshorekrisa. I tillegg lagar dei delar til vasskraftindustrien, og vedlikehald av desse.
Etter plussresultat i 2016 og 2017, enda 2018 med eit underskott før skatt på 2,7 millionar. Inntektene fekk eit oppsving dette året med ei omsetning på 369 millionar.

Også Kongsberg må kutte

I. P. Huse har hatt Kongsberg Maritime som sin største kunde, og samarbeidet har heldt fram etter at utstyrsleverandøren fekk norske eigarar.
Også Kongsberg Maritime har opplevd tøffe tider i den same marknaden. Tidlegare tysdag blei det kjent at konsernet likevel på dette området.

Les også:



Publisert: 21.01.2020 13:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51