(NPK-NTB): Sanksjonar mot Russland har ført til norsk monopol på kongekrabbe i USA og ny rekordmånad for norsk sjømateksport i februar.
– Vi har aldri tidlegare opplevd ein så høg eksportverdi i ein februar-månad, seier administrerande direktør i Noregs sjømatråd, Christian Chramer.
Det same kunne han seie i januar, desember, november og oktober. Rekordmånadene held fram med å komme.
– Det kjem av kombinasjonen av ei svak krone målt mot euro og dollar, høge laksevolum og ein sterk verdivekst til USA, seier Chramer.
Meir og meir USA
Noreg eksporterte sjømat for 14,1 milliardar kroner i februar. Det er ein auke på 853 millionar kroner, eller 6 prosent, samanlikna med same månad i fjor.
USA stod for mesteparten av veksten med 548 millionar kroner, ein auke på 52 prosent, samanlikna med februaren i fjor.
– Sjølv om frykta for innføring av tollbarrierar gir ei viss uro i marknaden, er ikkje dette hovudforklaringa til den kraftige veksten, seier Chramer.
I tillegg til auka lakseeksport og svak krone trekkjer han fram ein stor faktor med lange bein.
– Ettersom Alaska har selt all fangsten sin, og Russland er sanksjonert, er Noreg no den einaste leverandøren av kongekrabbe til USA. Det har ført til rekordhøge eksportprisar på frosen kongekrabbe, forklarer Chramer.
Historisk månad for kongekrabbar
I februar eksporterte Noreg 223 tonn kongekrabbe til ein verdi av 183 millionar kroner. Verdien auka med 91 prosent samanlikna med same månad i fjor.
– Den avgrensa tilgjengelegheita av kongekrabbe i den amerikanske marknaden har ført til rekordhøge eksportprisar på frosen kongekrabbe i februar, seier ansvarleg for skaldyr i Noregs sjømatråd, Josefine Voraa.
I snitt var prisen 985 kroner per kg, noko som er 72 kroner høgare enn førre rekordmånad – januar 2025.
Det største produktet målt i verdi var foredla reker, også kalla reinska reker. Eksportverdien enda på 71 millionar kroner og eksportvolumet på 722 tonn.
– Storbritannia held fram med å vekse som rekemarknad og er no den største marknaden for norske reinska reker så langt i år, seier Voraa.
(©NPK)
Publisert: 05.03.2025 07:46
Sist oppdatert: 05.03.2025 07:46