E136 romsdalen montasje skjermdump samferdselsløftet NHO 11
ROMSDALEN: Nye Veier har fått ansvaret for å utbetre E136 gjennom Romsdalen. Vegen har vore ei utfordring for det eksportretta næringslivet på Nordvestlandet i ei årrekke. Foto: NHO Møre og Romsdal
Nytt

Nye Veier-kutt råkar ikkje E136

Samferdselsministeren med gladmelding til Frank Sve (Frp) i Stortinget.

Marius Rosbach
08.12.2022

Det har vært uro kring konsekvensane av neste års kutt på statsbudsjettet for Nye Veier. Derfor tok Frank Sve (Frp) opp saka med samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i et skriftleg spørsmål i Stortinget.

- Kan samferdselsministeren forklare kva konsekvensane kan bli for Nye Veier, spurte Sve og viste til regjeringas budsjettforlik med SV der overføringane blir redusert med 900 millionar kroner.

Frp-politikaren antok at det statlege selskapet slit med dei same utfordringane som andre med høg prisvekst, og meinte dei «trenger sårt kvar ei krone», for å gjennomføre prosjekta sine.

Påverker berre Austlands-prosekt
På Nordvestlandet har Nye Veier fått ansvaret for å utbetre E136 gjennom Romsdalen, som har vore ei utfordring for det eksportretta næringslivet i årevis.

Svaret frå samferdsleministeren er eigna til å berolige dei som frykta at den utskjelte vegstrekninga frå Åndalsnes til grensa mot Innlandet vart enno meir utsett.

Nygård påpeika at desse endringane i statsbudsjettet utelukkande er knytt til ein driftskreditt selskapet hadde med arbeid på Ringeriksbana på Austlandet.

- Ein reduksjon av driftskreditten påverkar ikkje dei andre prosjekta til Nye Veier, heiter det i svaret frå statsråden.

Skal starte ved Veblungsnes
NETT NO fortalde i september at Nye Veier håpar å utbetre delar av E136 gjennom Romsdalen innan to år.

– Veblungsnes er det første ordentlige prosjektet og her ønsker vi å komme i gang så snart som råd, sa plandirektør Asbjørn Heieraas i Nye Veier.

Han håpte også at det skal være mogleg å få gjort meir langs strekninga for dei 200-300 millionane som er sett av til E136 i 2023.

Lenge til løysing for heile strekninga
Når det gjeld strekninga Flatmark-Monge-Marstein er det kome sterke signal om at Statsforvaltaren vil protestere mot det planforslaget som no ligg på bordet. Innvendingane gjeld landskapsvern.

Difor fann utbyggingsselskapet det fornuftig å «rykke tilbake til start», og vurdere andre løysingar. Den gong håpte selskapet dei kunne legge fram eit revidert planprogram for utbygginga i løpet av hausten.

Publisert: 08.12.2022 15:20

Sist oppdatert: 08.12.2022 15:39

Mer om