«Tilbake på tenkestadiet» for eksportvegen
Dei store grepa må vente, men Nye Veier håpar å utbetre delar av E136 gjennom Romsdalen innan to år.
Næringslivet med NHO Møre og Romsdal i spissen har lenge kjempa for å få utbetra E136 gjennom Romsdalen. Onsdag blei det tromma inn til konferansen «Sunnmøre på rett vei» på Moa, der både bedrifter, politikarar og utbyggarar var invitert.
E136 – status, utfordringer og muligheter, var stikkorda for dagen. Størst spenning var det truleg knytt til kva plandirektør Asbjørn Heieraas i Nye Veier hadde på hjertet.
Håpar å starte med fleire mindre tiltak
Dei som hadde håpt at det snart skal kome ei ny løysing på heile
strekninga, blei skuffa. Dei gode nyheitene er at utbetring av
flaskehalsen ved Veblungsnes, truleg vil starte opp neste år.
– Veblungsnes er det første ordentlige prosjektet og her ønsker vi å komme i gang så snart som råd, fortel han til NETT NO.
Han reknar med at arbeidet på dette punktet vil kome i gong neste år. Han håpar også at det skal være mogleg å få gjort meir langs strekninga for dei 200-300 millionane som er sett av til E136 i Romsdalen i 2023.
– Også oppe ved Bjorli kan det vere strakstiltak som kan bli finansiert rimeleg kjapt, legg han til.
Når det gjeld strekninga Flatmark-Monge-Marstein er det kome sterke signal om at Statsforvaltaren vil protestere mot det planforslaget som no ligg på bordet. Innvendingane gjeld landskapsvern.
Difor har utbygingsselskapet funne det fornuftig å «rykke tilbake til start». I dag tør ikkje plandirektøren spå noko om kva tid gravemaskinane kan kome i gang på resten av vegen gjennom Romsdalen.
– Det tør eg ikkje spekulere i. Per i dag er vi tilbake på tenkestadiet for å sjå på kva vi kan utvikle av andre løysingar. Det er ingen enkel veg å jobbe med, forklarar Heieraas.
I løpet av hausten vil truleg eit revidert planprogram bli ferdig og lagt ut.
(saka held fram under)
Les også
Sjåførar har fått bekymra telefonar frå borna
Under konferansen kom Jan Ove Halsøy i Norsk Lastebileier-Forbund med
eit sterkt innlegg om korleis sjåførane opplever vegen. Han meinte ingen
andre bransjer ville godteke slike arbeidsforhold – og viste fram
eksempel på farlege punkt langs vegen.
Halsøy fortalde også kva inntrykk det gjorde når sjåførar har fått telefonar frå ungane sine, som lurer på om forelderen kjem heim den kvelden. Risiko på arbeidsplassen er blitt ei utfordring for rekrutteringa til sjåføryrka, meinte han.
Representantar for transportbedrifter som Asko, Freja og Orkla fortalde også korleis dei opplevde å drive næringsverksemd med ein eksportveg som stadig er stengt og har dårleg framkomelegheit.
Publisert: 07.09.2022 12:53
Sist oppdatert: 07.09.2022 12:54