Loen skylift gondolbane 2022 foto marius 11
PENGEMASKIN: Loen Skylift har overgått forventingane både når det gjeld besøk og lønnsemd sidan oppstarten i 2017. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nytt kanonår for gondolbana

Kjempeoverskot og nytt rekordutbyte etter at omsetninga steig til nye høgder.

Marius Rosbach
27.06.2024

Sidan Loen Skylift opna dørene på gondolbana til toppen av Hoven-fjellet i 2017, har pilane berre peika ein veg – rett opp.

Den ferske rekneskapen frå Brønnøysundregistera viser at attraksjonen held fram med å vere ei pengemaskin. I tillegg til at inntektene gjorde ei hopp og enda på nær 80 millionar kroner, dobla overskotet seg frå året før.

Kjempeoverskot og rekordutbyte
Av omsetninga på 79,6 millionar kroner, enda meir enn kvar andre krone opp som driftsoverskot. Resultat før skatt enda på drygt 34 millionar kroner – opp frå knappe 15 millionar året før.

Det gode fjorårsresultatet gjer at eigarane kan ta ut eit nytt rekordhøgt utbytte på 14,5 millionar kroner – det same som året før.

Før Loen Skylift opna var det knytt spenning til om den ville klare å nå besøksmålet på 65.000 årleg. Det skulle vise seg å ikkje vere noko problem og gondolen hadde i snitt 110.000 besøkande årleg dei fem første åra.

I løpet av dei seks første driftsåra har selskapet generert meir enn 115 millionar kroner i overskot før skatt.

Loen Skylift
Tal i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
79,6
54,5
Driftsresultat
42,5
21
Resultat før skatt
34,2
14,8

Pluss for aktivitetar og restaurantdrift
Også fleire av dei andre selskapa som utgjer aktivitetstilbodet til Grov-familien i Loen-bygda, aukar inntektene.

Loen Active bikka for første gong meir 13 millionar i omsetning i 2023. Også aktivitetsselskapet har ei lønnsemd mange vil misunne dei, med eit overskot før skatt på nær tre millionar.

Hoven Restaurant som driv servering på toppen av det drygt tusen meter høge fjellet, fekk også ny rekordomsetning med over 22 millionar kroner. Lønnsemda er meir beskjeden enn for dei andre selskapa i konsernet, med eit overskot før skatt på drygt 400.000 kroner.

(saka held fram under)

Loen Active As
Tal i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
13
12,1
Driftsresultat
2,9
2,2
Resultat før skatt
3,4
2,4
Hoven Restaurant As
Tal i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
22,7
18,7
Driftsresultat
0,4
- 0,3
Resultat før skatt
0,4

- 0,4

Rekordår for Loen-hotell
Tala for det største selskapet i konsernet – Hotel Alexandra – er ikkje offentlege enno. Det er derimot rekneskapen for systerselskapet Hotel Loenfjord – som også hadde eit kanonår.

Ei omsetning på drygt 30 millionar, er ei inntektsauke på meir enn 60 (!) prosent samanlikna med 2022. Lønnsemda vart samtidig snudd frå minus til pluss i løpet av fjoråret.

Etter eit minusresultat før skatt på 2,5 millionar i 2022, enda 2023-rekneskapen med eit overskot før skatt på meir enn 2,8 millionar kroner.

Hotel Loenfjord As
Tal i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
30,4
18,8
Driftsresultat
3,5
- 1,9
Resultat før skatt
2,8

- 2,6

Publisert: 27.06.2024 15:03

Sist oppdatert: 27.06.2024 16:17

Mer om