Loen skylift hoven restaurant konsert madrugada 11
HOVEN: Om lag 1000 billettar blei utselt på rekordtid til konserten med Madrugada. Laurdag stod dei på scena på plattformen over restaurant Hoven. Foto: Marie Flatin
Nytt

Gondolbana overgår alle forventingar

Loen Skylift feira fem års drift med konsert til fjells. Satsinga har blitt ein pengemaskin.

Marius Rosbach
24.05.2022

Loen Skylift markerte i helga fem års drift med Madrugada-konsert til fjells på Hoven. 1011 meter over havet runga musikken frå det populære bandet utover Loen, og for dei kring 1000 som var til stades.

Gondolbane i Stryn-bygda opna 20. mai 2017 med dronning Sonja som første gjest saman med primus motor Richard Grov.

110.000 besøkande årleg
På førehand var det knytt stor spenning til om gondolbana ville klare å nå besøksmålet på 65.000 årleg. Det var talet som trengtes for å gå i balanse.

Laurdag helste Richard Grov sjølv publikum velkomen frå scena. Han kunne fortelje at dei hadde nådd 550.000 besøkande på desse fem åra.

Det gir i snitt 110.000 besøkande årleg - eit besøkstal som lang overstiger forventingane då reiselivssatsinga var under planlegging.

(saka held fram under)

Loen skylift gondolbane foto marius 11
STORSATSING: Gondolbana Loen Skylift kosta kring 330 millionar kroner å bygge. I åra etterpå har den gitt solide inntekter til Hotel Alexandra-konsernet - som også fekk eit rekordår i fjor. Foto: Marius Rosbach

Nytt rekordår for konsernet
– Ganske formiddabelt, er Grov si oppsummering til NETT NO om resultata dei har oppnådd.

Han leiar konsernet der Alexandra-hotellet er det største selskapet. Ingen av 2021-rekneskapa blir levert på ei stunde enno, men han kan avsløre at fjoråret blei eit nytt rekordår også for konsernet som heilheit.

Tala har vore veldig bra både i 2020 og 2021, og vi er veldig stolte av det,
Richard Grov

Solide overskot
Rekneskapa til Loen Skylift-selskapet viser at reiselivssatsinga som kosta kring 330 millionar kroner å bygge, har gitt solide inntekter i åra etterpå.

Dei fire første rekneskapsåra i 2017-2020 viser eit samla driftsoverskot på kring 70 millionar kroner. 2021-rekneskapen er ikkje levert enno, men Grov fortel at dei fekk eit nytt rekordår og eit driftsresultar på kring 20 millionar.

– Tala har vore veldig bra både i 2020 og 2021, og vi er veldig stolte av det, seier han.

Brå opp- og nedturar
– Vi har samtidig vore gjennom nokre utfordrande år, påpeiker Grov.

Koronapandemien og har tynga både økonomisk, og på dei tilsette som har vore nøyd til å takle brå opp- og nedturar.

– Likevel leverer vi botnsolide tal, seier han.

Ein rettstvist i løpet av fjoråret, er også eingongskostnader som dei ikkje dreg med seg på årets resultat.

(saka held fram under)

Madrugada loen skylift foto loen skylift 11
UTSELT KONSERT: Madrugada spelte laurdag for kring 1000 publikummarar som blei skyssa opp med gondolbana til toppen av Hoven-fjellet. Foto: Loen Skylift

Trur på eit «nytt annleis år»
No er Grov spent på 2022-sesongen. Besøket vil truleg framleis vil vere påverka av pandemien.

– Vi trur 2022 vil bli eit nytt annleis år. Det er lurt å hugse på at marknadene rundt oss framleis ikkje er på normalen, kommenterer Grov.

– Vi håpar samtidig like mange nordmenn kjem til oss som i fjor, og det hadde gleda oss stort om det kjem fleire. Vi har eit mål om å halde på marknadsandelen, og helst auke den, seier han.

I tillegg gir Ukraina-krigen auka i cruisetrafikken på Vestlandet, fordi seglaser er omdirigert frå Austersjøen.

– Vi ser allereie at det kjem betydeleg fleire cruisebåtar enn venta, avsluttar han.

Publisert: 24.05.2022 04:58

Sist oppdatert: 23.05.2022 22:01

Mer om