Nytt milliardlån frå Fincantieri til Vard
Fincantieri aukar lånet til Vard med 1,1 milliardar kroner.
I 2019 lånte Fincantieri ut 200 millionar euro til Vard for å halde sitt norske datterselskap flytande. I fjor blei lånet auka, først til 290 så til 390 millionar euro.
No er lånet auka på nytt, opp 110 millionar euro - til 500 millionar euro.
Det tilsvarar ein auke på 1,13 milliardar kroner - til 5,15 milliardar kroner.
Vard har hovudkontor og designselskap i Ålesund og verft i Tomrefjord, Brattvåg og Søvik, i tillegg til Vietnam, Romania og Brasil.
Finansierer selskapet
Lånet skal finansierer "selskapets generelle kapitalbehov", står det i låneavtalen.
Grunnen til lånet forklarar styret i Vard på denne måten, som er den same grunngjeving som i fjor:
"Selskapets (Vard, red. merk) finansielle situasjon gjør det svært vanskelig å få lån fra kredittinstitusjoner mv. Styret legger til grunn at ny egenkapital eller lån fra Fincantieri på avtalens vilkår fremstår som eneste reelle alternativet for å styrke selskapets finansielle situasjon tilsvarende avtalens størrelse."
Vard skal ikkje betale renter på lånet og det er heller ingen frist for tilbakebetaling i følgje den meldepliktige avtalen som er inngått.
Skreiv ned verdi
Fincantieri baud i november 2016 på alle aksjane i Vard, etter å ha vore majoritetseigar i Vard sidan 2013. Målet var å ta Vard av børs og gjere Vard til ein datterkonsern i Fincantieri. To år tok det før målet var nådd etter at Fincantieri plukka aksjar jamt og trutt til ein kurs som verdsette Vard til 1,7 milliardar kroner.
I 2019-reknskapen skreiv Fincantieri ned verdien av eigarskapen i Vard med 50 millionar euro, knappe 530 millionar kroner etter dagens kurs.
I 2019 hadde Vard Group eit underskot før skatt på nesten to milliardar kroner.
I kvartalsrapporten for 3. kvartal 2020 skriv Fincantieri at Vard hadde eit driftresultat før av- og nedskrivingar i balanse.
Publisert: 24.02.2021 11:00
Sist oppdatert: 24.02.2021 12:02