Nytt
Milliardlån til Vard
Vard får 290 millionar euro - 3,1 milliardar kroner - i lån frå sin italienske eigar.
08.06.2020
Lånet skal erstatte eit lån Vard fekk frå skipsbyggingskonsernet Fincantieri i fjor vår, og fylle på med meir. I fjor fekk Vard rett til å låne inntil 200 millionar euro frå Fincantieri, ein rett som er nytta fullt ut. Det nye lånet er 90 millionar euro - 950 millionar kroner - større enn i fjor.
Vard sine norske verft ligg i Brattvåg, Tomrefjord og Søvika. Verfta i Brevik i Telemark og Aukra blei avvikla i fjor.
Grunnen til lånet forklarar styret i Vard på denne måten:
"Selskapets (Vard, red. merk) finansielle situasjon gjør det svært vanskelig å få lån fra kredittinstitusjoner mv. Styret legger til grunn at ny egenkapital eller lån fra Fincantieri på avtalens vilkår fremstår som eneste reelle alternativet for å styrke selskapets finansielle situasjon tilsvarende avtalens størrelse."
"Styret vurderer hybridlånet som et bidrag til å vedlikeholde verdien av Fincantieri sin investering i selskapet. Lånet er rente og avdragsfritt, men selskapet kan foreta frivillig innløsning (voluntary redemption). Selskapet skal ikke yte vederlag etter avtalen. Fordelen Fincantieri oppnår ved avtalen er derved at verdien av Fincantieri sin tidligere investering vedlikeholdes, og at det tilrettelegges for fremtidige utbyttemuligheter. "
I 2019-reknskapen skreiv Fincantieri ned verdien av eigarskapen i Vard med 50 millionar euro, knappe 530 millionar kroner etter dagens kurs.
I åra 2014-2018 gjekk Vardkonsernet med tilsaman fem milliardar kroner i underskot.
2019-reknskapen er ikkje offentleg enno, men den førebelse rapporten frå Fincantieri viste eit driftsresultat på minus 107 millionar euro for forretningområdet offshore og spesialskip i Vard i fjor. Etter at Fincantieri tok full kontroll blei Vard omorganisert i to forretningsområdet. Bygging av offshorfarty, fiskebåtar, oppdrettsbåtar er lagt inn i forretningområdet offshore og spesialskip. Cruiseskips-bygginga er blitt ein del av forretningsområdet skipsbygging, som også omfattar bygging av cruiseskip på Fincantieri-verfta.
Vard sine norske verft ligg i Brattvåg, Tomrefjord og Søvika. Verfta i Brevik i Telemark og Aukra blei avvikla i fjor.
Grunnen til lånet forklarar styret i Vard på denne måten:
"Selskapets (Vard, red. merk) finansielle situasjon gjør det svært vanskelig å få lån fra kredittinstitusjoner mv. Styret legger til grunn at ny egenkapital eller lån fra Fincantieri på avtalens vilkår fremstår som eneste reelle alternativet for å styrke selskapets finansielle situasjon tilsvarende avtalens størrelse."
Ikkje renter
Vard skal ikkje betale renter på lånet og det er heller ingen frist for tilbakebetaling i følgje den meldepliktige avtalen som er inngått. Fincantieri finansierer Vard og satsar på at lånet skal kaste av seg i framtida:"Styret vurderer hybridlånet som et bidrag til å vedlikeholde verdien av Fincantieri sin investering i selskapet. Lånet er rente og avdragsfritt, men selskapet kan foreta frivillig innløsning (voluntary redemption). Selskapet skal ikke yte vederlag etter avtalen. Fordelen Fincantieri oppnår ved avtalen er derved at verdien av Fincantieri sin tidligere investering vedlikeholdes, og at det tilrettelegges for fremtidige utbyttemuligheter. "
Skreiv ned verdi
Fincantieri baud i november 2016 på alle aksjane i Vard, etter å ha vore majoritetseigar i Vard sidan 2013. Målet var å ta Vard av børs og gjere Vard til ein datterkonsern i Fincantieri. To år tok det før målet var nådd etter at Fincantieri plukka aksjar jamt og trutt til ein kurs som verdsette Vard til 1,7 milliardar kroner.I 2019-reknskapen skreiv Fincantieri ned verdien av eigarskapen i Vard med 50 millionar euro, knappe 530 millionar kroner etter dagens kurs.
I åra 2014-2018 gjekk Vardkonsernet med tilsaman fem milliardar kroner i underskot.
2019-reknskapen er ikkje offentleg enno, men den førebelse rapporten frå Fincantieri viste eit driftsresultat på minus 107 millionar euro for forretningområdet offshore og spesialskip i Vard i fjor. Etter at Fincantieri tok full kontroll blei Vard omorganisert i to forretningsområdet. Bygging av offshorfarty, fiskebåtar, oppdrettsbåtar er lagt inn i forretningområdet offshore og spesialskip. Cruiseskips-bygginga er blitt ein del av forretningsområdet skipsbygging, som også omfattar bygging av cruiseskip på Fincantieri-verfta.
Publisert: 08.06.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58