Kjøpesenterselskapet Samfjordkvartalet i Brattvåg går på nytt milliontap etter fjoråret, viser årsmeldinga som nyleg er levert.
I år har senteret inngått samarbeidsavtale med Alti-kjeden, som skal stå for drifta vidare.
Alti har hovudkontor i Surnadal og har fleire enn 51 kjøpesenter innunder sin paraply. Nyleg blei Kremmergaarden i Ålesund og Blåhuset-senteret i Ulsteinvik innlemma i kjeda.
Minus trass kraftig forbetring
2023-rekneskapen for Samfjordkvartalet As viser at driftsresultatet snudde frå minus til pluss i løpet av fjoråret.
Finanskostnadene dreg likevel ned resultatet til eit underskot før skatt på nær 4,5 millionar kroner (sjå tabell under).
I årsmeldinga kjem det mellom anna fram at aksjane i Brattvåg Fjordhotell er nedskrive med 2,6 millionar til éin million kronar.
Samfjordkvartalet As | ||
tal i millionar kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 8,7 | 9,2 |
Driftsresultat | 0,5 | -17,8 |
Resultat før skatt | -4,5 | -22,7 |
Har ti eigarar
Samfjordkvartalet har ti eigarar der Brødr. Dyrøy, Bunnpris Møre, Lapas Invest, Britt og Jonny Invest og H.I. Giørtz Holding er dei største.
Trass tapet i fjor, var eigenkapitalen i selskapet på meir enn 24 millionar ved utløpet av 2023, etter eit kontantinnskot på 5,1 millionar koner.
Den langsiktige gjelda var då på nær 69 millionar.
Tidlegare industribygg
Samfjordkvartalet var eit tidlegare industribygg, men frå 2005 vart det etablert eit kjøpesenter her.
I 2014/2015 blei det gjort ei større oppgradering av fasaden, og i 2019/2020 vart sjølve senteret renovert.
Senteret har kring ti leigetakarar med ei samla omsetning på kring 100 millionar i året, blei det opplyst i samband med Alti-avtalen.
Publisert: 27.11.2024 05:00
Sist oppdatert: 26.11.2024 23:01