Nytt milliardoppdrag til Artec Aqua
Skal planlegge andre byggesteg for Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg på Indre Harøy i Romsdal.
Andre byggesteg er planlagt å koste mellom 1,6 og 1,7 milliardar kroner. I første omgang skal Artec Aqua i Ålesund planlegge anlegget i samarbeid med enterprenørselskapet Hent og Salmon Evolution.
Salmon Evolution er venta å ta endeleg avgjerd om bygging av byggesteg to i slutten av 2023, ifølgje Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik. Blir det bygging skal Artec Aqua også stå for planlegging av leiing av sjølve byggeprosessen, slik som for første byggesteg for anlegget.
Artec Aqua har spesialisert seg på design og prosjektleing for landbaserte oppdrettsanlegg og er er ein del av det børsnoterte industri- og ingeniørselskapet Endúr. Artec Aqua har omlag 50 tilsette.
Intensjonsavtale om tredje byggesteg
Andre byggesteg er like stort som første byggesteg, som allereie er i drift. Avtalen mellom Artec Aqua og Salmon Evolution omfattar også ein intensjonsavtale om at Artec Aqua får eit tilsvarande oppdrag med byggesteg tre, som skal vere like stort som byggesteg ein og to til saman.
Les børsmelding frå Artec Aqua-eigar Endúr her
Les børsmelding frå Salmon Evolution her
Doblar produksjonen
Med byggesteg to i produksjon vil Salmon Evolution doble produksjonskapasiteten samanlikna med i dag, frå 7.900 til 15.800 tonn i året.
Salmon Evolution viser i børsmeldinga si til tidlegare børsmeldingar om at finansieringa av byggesteg to er på plass.
Publisert: 19.06.2023 08:25
Sist oppdatert: 19.06.2023 11:38