Salmon Evolution i rute
Laksen har meir enn dobla vekta. No kan snart neste slakting starte.
Andre utsett av laks i Salmon Evolution sitt landbaserte anlegg i Indre Harøy har over dobla vekta i løpet av 1. kvartal, frå 733 til 1500 tonn levande fisk per 31. mars.
I løpet av mars la laksen på seg tilsaman 320 tonn og selskapet er i rute til å starte slakting tidleg i mai i år. I løpet av juni skal all laksen i andre utsett vere slakta, ifølgje ei børsmelding.
Andre utsett i anlegget er delt i fire storleikgrupper, med ein gjennomsnittsvekt på 3,5 kilo per utløpet av mars. Snittvekta for den størte fisken er omlag 3,7 kilo.
Ein månad før første slakting av andre utsett har 2,2 prosent av fisken døydd.
Det første utsettet av smolt i fjor vart slakta i løpet av november og desember. Snittvekta var på 3,75 kilo for sløgd og hovudkappa fisk.
I alt er det snakk om 340 tonn, der 96 prosent av fisken vart klassifisert som superior kvalitet.
For superior kvalitet fisk over tre kilo, fekk Salmon Evolution betalt 75-78 kroner kiloen.
I februar sette Salmon Evolution ut sit femte utsett i anlegget og skal gjennomføre utsett nummer seks og sju i løpet av andre kvartal i år.
Publisert: 11.04.2023 08:21
Sist oppdatert: 02.12.2023 14:07