Nytt oppdrag for Stadyard
MEIR ARBEID: Etter å ha hjelpt Alta Fiskeriselskap med å hente eit skrog ut av eit polsk konkursbu har Agnar Lyng og kollegaene i Stadyard blitt belønna med eit nytt oppdrag, og fullføre utrustinga av båten.
Nytt

Nytt oppdrag for Stadyard

Overtek farty etter polsk konkurs.

03.03.2020
Stadyard skal byggje ferdig eit 48 meter langt fiskefarty for Alta Fiskeriselskap.
Ringnot/snurrevad-fartyet skulle opphavleg byggast i Polen og overleverast i februar 2019, men verftet gjekk konkurs.
Oppdraget omfattar om lag fire sjettepartar av utrustningsarbeidet, og Stadyard skal vere ferdig med jobben i juni i år, seier Agnar Lyng i Stadyard. Han vil ikkje opplyse prisen for oppdraget.

Kjøpte ut skrog

Etter konkursen i Polen starta dragkampen for å få skroget ut av konkursbuet. Det enda med at Alta Fiskeriselskap kjøpt ut skroget og fekk det heim til Noreg, mellom anna ved hjelp av Stadyard, skriv , som skreiv om denne saka først.
Kven som skulle fullføre utrustinga var ikkje avgjort då skroget kom til Noreg, men til slutt var det Stadyard som fekk oppdraget.

Kontrakt før jul

Det er ikkje lenge sidan Stadyard dro i land førre kontrakt.
Verftet fekk før jul oppdrag med å bygge ny fiskebåt for Herøy-reiarlaget Skår Senior, eit kombinert ringnot- og trålfartyet som skal leverast i desember 2021.

Publisert: 03.03.2020 17:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53