Norvoll vart hyra inn av svigerfar og svigeronkel i 1981 og har arbeidd i Nogva Motorfabrikk sidan, først som økonomisjef, så som toppsjef.
Saman med ektefellen har han vore største aksjonær, inntil eigarane i førre veke offentlegjorde at eit Credo Partners-fond kjøper 51 prosent av selskapet.
Norvoll er nøgd med salet og den nye storaksjonæren, men vedgår at salet skjer med blanda kjensler.
– Det var hjarte og hjerne som rauk saman i ein durableg fight for å få eit overtak, seier han.
– Noko måtte skje
Hjerna vann. Først og fremst for at han og andre aksjonærar i det familieigde selskapet, no er i eller nær pensjonsalder.
– Noko måtte skje, seier Norvoll.
No gjenstår godkjenning frå Konkurransetilsynet og ein del formalitar før eigarskiftet.
Nyvoll seier avtalen i samband med salet er at han held fram som toppsjef fram til ein ny leiar er rekruttert. Deretter skal han framleis arbeide for selskapet, med strategi og forretningsutvikling.
Partane er samde om å ikkje opplyse kjøpesummen.
Rekordår i 2024
I 2023 hadde Nogva Motorfabrikk-konsernet 553 millionar kroner i driftsinntekt og 69 millionar kroner i resultat før skatt.
2024-tala er ikkje klare enno, men Norvoll seier det ligg an til ny rekord både i inntekter og lønsemd.
Selskapet ligg óg an til ytterlegare vekst, og er i ferd med å tilsette fleire folk, og planlegg ytterlegare rekruttering.
Har vekse til kring 200 tilsette
Nogva Motorfabrikk lagar framdriftsanlegg og aggregat til offshore- og supplybåtar, fiskebåtar, ferjer, handelsfartøy og akvakulturfartøy over heile verda.
Hovudkontor og hovudproduksjonsanlegg ligg i Søvik i Haram med omlag 90 tilsette, ifølgje Norvoll.
Konsernet omfattar også Nogva Heimdal Propulsion i Molde og 50 prosent eigarskap i Northern Island Technology på Longva. Tilsaman er det rundt 200 tilsette i heil- og deleigde selskap, ifølgje Norvoll.
Lang prosess om sal
Planane om eit mogleg sal av Nogva Motorfabrikk vart offentleggjort i september 2023.
Stor interesse var ein av grunnane til at prosessen tok over eitt år og tre månadar.
– Det var mange interesserte og det var mange managementmøte, seier Norvoll om den lange salsprosessen.
I fjor haust sto Credo Partners att som kandidaten Nogva Motorfabrikk-eigarane satsa på.
Blir med som eigarar vidare
Formelt skjer salet ved at Credo Partners-fondet kjøper heile selskapet.
Deretter går Norvoll og dei andre opphavlege eigarane går inn med pengar og blir 49 prosent eigar, med same fordeling seg i mellom som dei hadde før salet.
Før Credo Partners kjem inn er eigarfordelinga i Nogva Motorfabrikk slik:
Norvoll og ektefellen Anne K. Nogva Norvoll eigde 50 prosent gjennom selskapet Nogva Norvoll Invest. Kåre Arnt Nogva eigde 11 prosent gjennom selskapet Kano Invest, Lars Åge Nogva 10 prosent gjennom Lano Invest, Kirsti L. Nogva Mårstøl 10 prosent gjennom Klnm Invest, Astrid Karin Nogva 9,545 prosent gjennom Akn Invest og Skjalg Longva 9,455 prosent gjennom Skjano Invest.
Publisert: 28.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 28.01.2025 20:52