Pal Brynsrud Credo foto Ogne
INN I NORDVESTLANDSELSKAP NUMMER SEKS: Credo-partner Pål Brynsrud. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ny Nogva-eigar med lang erfaring på Nordvestlandet

Den nye storaksjonæren i Nogva Motorfabrikk har vore aksjonær i selskap på Nordvestlandet sidan 2010.

24.01.2025

No blir eit fond sett opp av Credo Partners 51 prosent eigar i Nogva Motorfabrikk etter ein salsprosess som har vart sidan tidleg på hausten 2023. Alle dei eksisterande eigarane held fram som eigarar, men no med 49 prosent eigarandel.

-Vi gjer alltid partnarskap med eksisterande eigarar. I utgangspunktet likar vi at begge partar har ein signifikant eigarandel, seier Pål Brynsrud, partnar i Credo Partners.

Eigarfordelinga dei opphavlege eigarane i mellom blir som før.

Partane er samde om å ikkje opplyse kjøpesummen.

Saga Corporate Finance, BDO og Adviso har vore rådgivarar for Nogva Motorfabrikkeigarane,  Selmer og KPMG for Credo Partners.

Familieigd
Fram til avtalen med Credo Partners har Nogva Motorfabrikk vore eit familieigd selskap.

Administreande direktør Kjell Norvoll og ektefellen Anne K. Nogva Norvoll eigde 50 prosent gjennom selskapet Nogva Norvoll Invest.

Kåre Arnt Nogva eigde 11 prosent gjennom selskapet Kano Invest, Lars Åge Nogva 10 prosent gjennom Lano Invest, Kirsti L. Nogva Mårstøl 10 prosent gjennom Klnm Invest, Astrid Karin Nogva 9,545 prosent gjennom Akn Invest og Skjalg Longva 9,455 prosent gjennom Skjano Invest.

Selskap nummer seks
Nogva Motorfabrikk er det sjette selskapet på Nordvestlandet der Credo Partners har gått inn som medeigar.

Det byrja med møbelprodusenten Variér i 2006. Selskapet flytta etterkvart ut produksjonen og hovudkontoret til Oslo. Partnarar og investorar knytt til Credo Partners er framleis store aksjonærar, men Varier gjekk ut av Credo-porteføljen for få år sidan, ifølgje Brynsrud.

Møbelprodusenten Fora Form i Ørsta vart kjøpt i 2007 og seld til svenske Lammhults Group i 2013.
Dørprodusenten Dooria med hovdkontor i Stryn vart kjøpt i 2010. Den verksemda enda mellom anna med konkurs i selskapet sin dørfabrikk i Årdal. 
I 2012 gjekk Credo Partners inn i Optimar, som etterkvar gjekk saman med Peter Stette og Seaside i Stranda før Optimar vart seld til det tyske Haniel-konsernet i 2017 (og i fjor vidare til islandske Kaldbakur).
I 2019 blei Credo Parners største eigar i MMC First Process og er det framleis. Både Optimar og MMC First Process lever utstyr og anlegg for handtering og foredlinga v fisk, både til oppdrett- og fiskerbransjen.

Eigar i vekstfase
Investorane i Credo Partners sine fond har typisk ein horisont på fire til seks, fem til sju år, før eit vidaresal, seier Brynsrud.

Credo Partners sin ide er å investere i selskap som kan skalerast opp til å bli større, og deretter selje vidare.

-Selskap har godt av å ha forskjellige eigarar i forskjellige fasar av sitt liv, seier Brynsrud.

Publisert: 24.01.2025 14:59

Sist oppdatert: 24.01.2025 15:41

Mer om