Koronalaan til Frislid
NORDFJORDEID: Omsetningssvikt under pandemien for Frislid Konfeksjon og dagleg leiar Rune Taklo. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt tapsår for Frislid

Opplever salssvikt på grunn av koronapandemien.

01.11.2021

Frislid Konfeksjon på Nordfjordeid har fått merke følgjene av koronapandemien. I fjor var omsetninga på 28,1 millionar kroner, 12,0 millionar kroner mindre enn året før.

Resultatet før skatt enda på minus 2,4 millionar kroner, slik at det tradisjonsrike selskapet har tapt 5,2 millionar på to år.

(saka held fram etter tabellen)

Frislid Konfeksjon
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 28,1 40,1
Driftsresultat -2,6 -2,6
Resultat før skatt -2,4 -2,8

Finsk eigar
Selskapet er eigd av finske OY Turo Tailor AB, der dagleg leiar Rune Taklo er medeigar med rundt ein fjerdedel av aksjane.

Frislid Konfeksjon har tatt opp eit statsgarantert likviditetslån, eit lån som var ein del av krisepakka regjeringa kom med i fjor vår for å halde bedrifter gåande sjølv om inntektene stupte i starten av pandemien.

Tilstrekkeleg likviditet

Då bedrifta lånet pengar la Rune Taklo ikkje skjul på at konkurs var eit alternativ, og at det ville blitt utfallet utan lånet.

No har det gått endå eit år med tap, men styret skriv i årsrapporten at ein meiner at likviditeten er tilstrekkeleg til at ein klarer å dekke forliktingane det komande året.

Selskapet har 6,1 millionar kroner i samla eigenkapital og 12,4 millionar kroner i langsiktig gjeld.

Det var 9,9 årsverk i selskapet i fjor.

Selskapet eig også dotterselskapet Frislid Herreekvipering, som driv butikk på Nordfjoreid, og har ei avdeling som driv butikk i Oslo. Dette selskapet hadde i fjor eit resultat før skatt på knapt ein million kroner av ei omsetning på 6,5 millionar.

Publisert: 01.11.2021 06:00

Sist oppdatert: 22.02.2022 12:40

Mer om