Hydroniq Coolers-sjef Inge Bøen
VEKST, MEN MINUS: Eingangskostnadar og tapsavsetningar trekte ned Hydroniq Coolers-resultatet i fjor. Hydroniq Coolers-sjef Inge Bøen neste dobla driftsinntektene frå 2018 til 2019.
Nytt

Nytt tøft år for Hydroniq Coolers

Driftsinntektene blei rekordhøge, men lønsemda til Hydronic Coolers hadde ikkje same veksten.

02.07.2020
I løpet av 2018 og 2019 har Hydroniq Coolers gått med tilsaman 26 millionar kroner i underskot før skatt.
I fjor steig driftsinntektene til 70,2 millionar kroner, opp frå 42,8 millionar i 2018. Resultatet før skatt blei 12,6 millionar kroner (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida).

I årsmeldinga for 2019 omtalar styret to av årsakene til underskotet i fjor; "store endringsprosesser og engangskostnader for selskapet, som delvis er reflektert i regnskapet for 2019" og "en større garantiavsetning i 2019 som er relatert til tre spesifikke prosjekter. Avsetningen er grundig vurdert ut ifra kjente fakta og forhold ved avleggelse av regnskapet, uten at endelig årsak eller endelig løsning er definert, ei heller ansvarsforhold."

Selde ut selskap

Hydroniq Coolers var tidlegare eit søsterselskap av det som i dag er Sperre Compressors. Sperre Compressors var seld i 2018 og det er prosessen i samband med og i etterkant av salet som gav eingangskostnadar for Hydroniq Coolers i fjor.
Hydroniq Coolers (tidlegare Sperre Coolers) på Ellingsøya lagar varmevekslaranlegg som i utgangspunktet var tenkt til kjøling av skipsmotorar og anna utstyr på skip. Sidan eit varmevekslaranlegg flyttar varme frå ein stad til ein annan, kan det også brukast til oppvarming, slik oppdrettarane spør etter, og varmevekslingsanlegg frå Sperre Coolers er i dag også ein del av avlusningsanlegg for oppdrettslaks.

Venta vekst

I 2020 venta Hydroniq Coolers vekst både i driftsinntekter og lønsemd.
Koronaepidemien skapte uvisse, spesielt i skipsbyggingsmarknaden som er hovudmarknaden for Hydronic Coolers, og selskapet aukar innsatsen i andre marknadar som er mindre utsett for verknaden av koronaepidien, i følgje årsmeldinga.
Hydronic Coolers er eigd av SMN Invest. Eigarane i SMN Invest kunne dele 750 millionar kroner mellom seg etter salet av Sperre Compressors i 2018.

NETT NO har ikkje lukkast i å få kontakt med administrerande direktør Inge Bøen i Hydroniq Coolers.

Publisert: 02.07.2020 12:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59