Silje Bruun Teigen Oda Vinjevoll foto Ogne f15bbfde3dc1a14012b0b5f628033328
VEKST: Silje Bruun Teigen og Oda Vinjevoll frå advokatfirmaet Adviso i retten. Adviso var eitt av selskapa med størst vekst i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt vekstår for advokatbransjen

Andre år på rad med tosifra vekst for dei største advokatselskapa på Nordvestlandet.

12.05.2024

Etter nesten null vekst frå 2020 til 2021, auka inntektene til dei 15 største advokatselskapa på Nordvestlandet med 12 prosent i 2022. Veksten held fram i fjor.

Advokatselskapa i regionen auka inntektene med 10 prosent samanlikna med 2022, og selde advokattenester for tilsaman 205 millionar kroner.

Snevrar vi inn til dei 10 største, var veksten 11 prosent.

Utvidar vi til dei 30 største advokatselskapa frå Nordfjord i sør til Molde/Rauma i nord, er veksten seks prosent.

Les resultat frå tidlegare år:

Over halvparten til dei tre største
Dei tre største advokatselskapa, Øverbø Gjørtz, Adviso og Judicia står åleine for over halvparten av inntektene til dei 30 største regionalt eigde advokatselskapa på Nordvestlandet.

Alle tre hadde vekst i fjor. Øverbø Gjørtz og Judicia var i underkant av gjennomsnittsveksten for dei 30 selskapa i Nett No si oversikt - medan Adviso hadde ein vekst på 26 prosent (sjå tabell under).

Dei fleste selskapa i oversikta er så små at det kan vere tilfeldige svingingane frå år til år, men samla gir oversikta eit bilete av etterspørselen etter advokattenester i regionen.

Les resultat frå i år:

Manglar avdelingstal
Årsrekneskapa til advokatselskapa med lokalt eigarskap fortel ikkje alt om kva bedrifter og privatpersonar på Nordvestlandet brukar på slike tenester i løpet av eit år.

Spesielt hos næringslivet blir det også brukt advokatar med adresse utanfor regionen, eller frå større advokatselskap med avdelingar på Nordvestlandet.

Både Kvale Advokatfirma, Advokatfirmaet Schjødt og Sands advokatfirma har avdelingskontor i Ålesund.

I tillegg har revisjon-, rådgiving- og advokatselskapa PriceWaterhouseCoopers (PwC), KPMG og EY advokatar sine avdelingskontor på Nordvestlandet.

Tabellen som viser vekst for advokatane:

30 største advokatselskap på Nordvestlandet
Tal i mill. kroner Driftsinntekt Resultat før skatt
2023 2022 2023 2022
ADVOKATFIRMAET ØVERBØ GJØRTZ AS Molde 64,1 61,9 0,0 0,0
ADVISO ADVOKATFIRMA AS Ålesund 36,8 29,2 11,2 5,7
ADVOKATFIRMAET JUDICIA DA Ålesund 36,8 35,1 9,8 20,6
LARHAMMER AARSETH ADVOKATFIRMA AS Molde 10,1 11,1 0,0 0,0
ADVOKATFIRMAET ANGELSHAUG & CO AS Kinn 8,5 9,8 -0,5 0,1
ADVOKAT ERIK WOLD Molde 8,2 6,0 5,5 4,1
ADVOKATFIRMAET ENGELSEN DA Ålesund 8,0 8,9 1,1 2,0
ADVOKATFIRMAET SPORSHEIM AS Molde 7,8 5,5 0,8 0,1
ADVOKATFIRMAET LUNDBERG OG LANGVA AS Ørsta 7,0 4,9 1,4 0,7
TINDE ADVOKATFIRMA AS Ålesund 4,2 0,0 0,2 0,0
ADVOKAT JØRUND KNARDAL AS Volda 3,5 3,4 1,4 1,3
ADVOKAT JAN ERIK MARDAL AS Gloppen 3,4 3,2 0,2 0,0
ADVOKATENE HOVDE MNA AS Ålesund 3,4 3,6 0,1 0,6
ADVOKAT TARJEI AASEN AS Ålesund 3,3 3,5 -0,5 0,3
BAUTA ADVOKATFIRMA AS Ålesund 3,3 2,8 0,2 0,1
ADVOKAT THORE HEGGEN AS Stryn 3,2 3,4 1,5 1,7
ADVOKAT AXEL LANGE AS Ålesund 3,0 3,1 -0,1 0,3
ADVOKAT ERLING FLISNES Ålesund 2,7 2,9 1,4 0,7
ADVOKAT METTE EKROLL NYLAND Ålesund 2,5 2,4 2,1 2,0
ADVOKAT MADS LIND JENSET Molde 2,5 2,4 1,6 1,8
ADVOKAT RAGNHILD CAMILLA PEDERSEN Molde 2,4 1,5 1,6 1,1
ADVOKATFIRMAET OPSHAUG DA Ålesund 2,3 2,2 0,8 0,7
ADVOCATOR ADVOKATFIRMA AS Ålesund 2,2 8,1 0,2 -1,0
ADVOKAT ASTRID BOLSTAD Molde 2,0 2,1 1,3 1,4
ADVOKAT METTE LOE AS Ålesund 2,0 2,3 0,1 0,4
ADVOKAT BJØRN KRISTIAN HOVE Ålesund 1,9 1,9 1,5 1,5
ADVOKAT BJØRN-IVAR BORGUND Ålesund 1,9 1,6 1,4 1,1
ADVOKAT DAGFINN TYNES AS Ålesund 1,9 1,9 0,0 0,0
ADVOKAT LINDA BREVIK AS Ulstein 1,8 1,4 0,2 0,1
ADVOKAT REKKEDAL AS Ørsta 1,7 2,4 1,2 0,6

Publisert: 12.05.2024 00:00

Sist oppdatert: 11.05.2024 23:42

Mer om