Meir arbeid til Havyard Leirvik
Har vunne kontrakt for ombygging av Fjord1-ferje.
Hav Group opplyser i ei børsmelding måndag at Havyard Leirvik har vunne ein større kontrakt for ombygging av ei Fjord1-ferje.
Selskapet karakteriserer oppdraget som ein viktig milepåle for verftet i neste fase etter ferdigstilling av eksisterande ordrebok for nybygg.
Batteridrift
Verftet leverte nyleg ein brønnbåt og eit vindmølleskip til danske Esvagt. I tillegg ligg det endå eit vindmølleskip klar til utrustning ved verftet. Dette skipet skal leverast i haust.
Den nye kontrakten gjeld på ei av tre ferjer som skal byggjast om til batteridrift. Selskapet opplyste 10. juni at dotterselskapet Norwegian Electric Systems var valt av Fjord1 ASA som systemintegrator for tre ferjer som skal byggast om til batteridrift og nullutslepp, inkludert leveranse av fire landbaserte ladestasjonar.
Publisert: 05.07.2021 16:50
Sist oppdatert: 05.07.2021 17:06