Nådde mål om eigedomsal før start
Kommunen sitt eigedomselskap trudde det ville ta minst 15 månader å selje eigedom for 100 millionar. Passerte målet før kommunestyret rakk å behandle salsplanen.
Då Anders Pedersen vann bodkampen om den såkalla Slakteritomta på Volsdalsberga i Ålesund med eit bod på 101,1 millionar kroner var det 44,5 millionar kroner meir enn kommunen hadde sett som prisantydning på eigedomen.
– Vi rekna med at om vi fekk ei bodrunde så skulle det trekkje prisen litt høgare, men det var ingen som såg for seg ein slik pris, sa eigedomsforvaltar Kjell Einar Hatløy i Ålesund kommunale eiendomsselskap etter at salet var i boks.
Tomta har Borgundfjorden mot sør, Color Line Stadion mot nord, Ålesund vidaregående skule mot vest og Fri Sikt-bustadane mot øst. Ulsmo Eiendom/Peab sitt Fri Sikt-prosjekt omfattar 158 leiligheter.
Eigedommen som Pedersen kjøper er litt mindre, og med ei tilsvarande utbygging som i Fri Sikt-prosjektet kan den romme rundt 130 leiligheiter.
Rekna med maksimalt 90 millionar i år
Ålesund kommune sin stramme økonomi ligg bak kommunestyrevedtaket frå januar i år. Der bad politikarane om fortgang i salet av kommunal eigedom. Det skal gi pengar inn i kassa, som kan brukast til å betale gjeld. Pengane kan ikkje gå til å finansierer drift, men nedbetaling av gjeld vil redusere rentekostnadane.
I saksframlegget går det fram at det kommunale eigedomselskapet rekna med at det maksimalt ville få inn 90 millionar kroner frå sal av eigedomar i løpet av 2024 - medrekna frå sal av tomta på Volsdalsberga - som var den klart største og mest verdifulle eigedomen på eigedomselskapet si liste over eigedomar som kan seljast.
Med litt meir tid - mellom 15 og 18 månadar - venta ein at samla eigedomsal ville passere 100 millionar kroner
Sjå oversikt over eigedomar som kan seljast og saksframlegg til kommunestyret (ekstern lenke)
Ventar ingen repetisjon
Sjølv om resultatet frå det første salet overgikk alle forventningar, venta det kommunale eigedomselskapet uansett at dei høgaste inntektene ville kome tidlegast i salsprosessen - og at det er mindre å hente etterkvart.
«Det vil ikke være mulig å holde dette inntektsnivået årlig fremover. Det handler om at vi per i dag har mest fokus på utvikling av eiendom for egen bruk eller rent salg av eiendom, uten å i tillegg reinvestere i nye eiendommer som kan verdiutvikles og dermed skape inntekter over tid», heiter det i saksframlegget.
Publisert: 23.04.2024 05:00
Sist oppdatert: 23.04.2024 07:39