Ingerid ulstein fri sikt kjetil nordang ola blindheim 11
14. ETASJAR HØGT: Å bygge i høgda er ein måte å løyse behovet for nye bustader i Ålesund på. Bak Ulsmo-sjef Ingerid Ulstein, prosjektleiar Ola Blindheim og administrerande direktør Kjetil Nordang (t.v.) er bygningsarbeidarane i gong med leilegheitsbygget som får flest etasjar i byen - 14 - og blir truleg det høgaste bygget i heile kommunen. . Foto: Marius Rosbach
Nytt

Her kjem Ålesunds høgaste bustadbygg

Ulsmo-sjefen meiner byen treng fleire bustader i, og ved sentrum. Ho har fleire ønsker til politikarane - og ein idé som kan lette kommuneøkonomien.

Marius Rosbach
03.09.2021

Under eitt av fylkespolitikarane sine besøk til bedrifter den siste veka, fekk dei høyre korleis administrerande direktør Ingerid Ulstein i Ulsmo såg på utfordringane dei møter som utbyggar i Ålesund.

Ulstein meiner kommunen til no har undervurdert behovet for bustader i sentrum, og viser til erfaringane dei har gjort seg med Fri Sikt-prosjektet på Volsdalsberga.

Har selt 118 leilegheiter
Totalt er prosjektet på fleire enn 150 sørvende leilegheiter rett ved Borgundfjorden. På to og eit halvt år har dei selt 118 leilegheiter.

– Her på byggetrinn 1 har vi no berre nokre få leilegheiter att, fortalde Ingerid Ulstein til politikarane under ei omvising utandørs på Volsdalsberga.

Då hadde Ulsmo-sjefen først lagt nokre klare ønsker på bordet til politikarane:

  • Maks reguleringstid på to år der oppdragsgjevar og utbyggar spelar på lag i reguleringsarbeidet.
  • Fortgang i regulering og tilrettelegging av riktige tomter.

Måtte vente ti år på avkastning
Planlegging har vore ei utfordring for Ulsmo i Fri Sikt-prosjektet og planprosessen tok seks år å få på plass.

– Får vi kjøpte tomta til i 2011 tok det 10 år før vi begynte å få avkastning på investert kapital. Kor mange utbyggjarar kan investere i dyre tomter og vente så lenge før avkastninga kjem, utdjupar Ingerid Ulstein til NETT NO.

(saka held fram under)

Ingerid ulstein foto marius 11
STORE RINGVERKNADER: Utbygginga som Ulsmo-sjef Ingerid Ulstein utviklar i samarbeid med Peab-konsernet er det største i byen på fleire år, og gir betydelege ringverknader. Foto: Marius Rosbach

Tomtesal kan vere vinn-vinn
Ho viser til at Ålesund kommune eig mange tomter, og samtidig er i ein situasjon der ein må spare store summar på drift og tenester dei neste åra.

– I ein slik situasjon kan det vere fornuftig å selje tomter utbyggjarar er interesserte i. På denne måten kan kommunen hauste salsinntekter samt at utbyggjarane kan bidra til å skape aktivitet som i neste omgang kan gi både fleire innbyggarar og skattebetalarar. Det er ein vinn-vinn situasjon, påpeiker Ulstein.

Politikarane som bestemmer reguleringskrava, må vite kva dei ulike krava dei legg på utbyggjaren kostar
Ingerid Ulstein

Politikarane må vite prisen på krav
Men det er ikkje berre reguleringstida som er viktig, påpeikar Ulsmo-sjefen.

– Politikarane som bestemmer reguleringskrava, må vite kva dei ulike krava dei legg på utbyggjaren kostar, påpeikar Ulstein.

Ulstein meiner særs få politikarar veit kva slags konsekvensar det gir i kostnader for dei ulike rekkefølgjekrava får.

– Dette medfører at ulike utbyggjarar mellom anna får vidt ulike kostnader til infrastruktur, som verkar konkurransevridande, forklarar ho.

(saka held fram under)

Les meir om bedriftsbesøka til fylkestoppane:

Fri sikt ulsmo 11
FEKK OMVISING: Fylkestoppane frå ulike politiske parti fekk sjå det ferdige første byggetrinnet på Volsdalsberga - og dei neste under oppføring. Foto: Marius Rosbach

Bygger 14. etasjar høgt
Å bygge i høgda er eit alternativ for å fylle behovet for bustader. På Volsdalsberga er bygningsarbeidarane i gong med tredje byggetrinn, eit 14 etasjars høgt hus med 47 leilegheiter, som skal stå ferdig til innflytting i 2023.

Ulstein fortalde korleis dei hadde jobba saman med arkitekt Nils Torp for å sikre best mogleg utsikt i alle leilegheitene ved å bygge i vifteform.

– Samtidig stig tomta gradvis oppover. Det gjer at uansett om ein er i det fremste bygget, eller i det bakarste, så kan ein sjå sjøen, påpeika ho.

Vil ha fart på Volsdalsneset og sørsida
Det er kjent at Ulsmo-sjefen gjerne vil ha fart på utviklinga vidare på Volsdalsneset.

– Ulsmo Eiendom er eit selskap som er villige til å ta grep og bygge. Samtidig er det eit stort område på sørsida av byen som skal utviklast, der vi ønsker at både studentar, eldar og andre kan bu, sa Ulstein til politikarane.

Volsdalsberga ingerid ulstein politikermøte 11
VIL UTNYTTE SKULETOMT: Ulsmo-sjef Ingerid Ulstein vil gjerne utvikle tomta i bakgrunnen til fleire bustader, der den vidargåande skulen held til. Foto: Marius Rosbach

På nabotomta til Fri Sikt-prosjektet held den vidaregående skulen til, som no høyrer inn under Fagerlia. Ulstein håpar at skulen kan ha ein satellitt i den nye sørsidebydelen – slik at skuletomta på Volsdalsberga kan nyttast til bustader.

– Sjølv om det kanskje tek nokre år før ei slik flytting skjer, er der ingenting i vegen for at avgjerda om sal frå politikarane si side gjerast no. Da kan ein utbyggjar starte planlegging og regulering av heile området, fortel Ulstein.

Ho meiner det gir det beste moglegheitene for å utvikle område i tråd med områdeplanen.

– Berre sjå på transformasjonen hittil av Volsdalsberga, frå slakteri og bussparkering til trivelege bustader og kyststiar, avsluttar Ulstein.

(saka held fram under)

Fri sikt illustrasjon nils torp 11
FERDIG UTBYGD: Illustrasjon av Fri Sikt-prosjektet ferdig utbygd med det 14. etasjar høge bygget i midten. Strandpromenaden forbi det nye bustadområdet, er allereie på plass. Illustrasjon: Nils Torp

Møter stor skilnad i kunnskap
Fylkespolitikarane fekk også høyre Peab K. Nordang-sjef Kjetil Nordang fortelje om utfordringar i møte med offentlege oppdragsgjevarar.

Uklare konkurransegrunnlag, uklar evaluering av anbod og kriteria og stor skilnad i kompetanse hos oppdragsgjevarane, var mellom punkta han trekte fram.

Selskapet med hovudkontor i Stranda, er hovudentreprenør på Fri Sikt-prosjektet. Dei har 95 eigne handverkarar og 136 tilsette totalt i lokalmiljøet. Omsetninga i fjor enda på kring ein halv milliard.

Vanskeleg å bygge eigen stamme
Kjetil Nordang hadde også ei bøn om at politikarane bidrog meir til å legge til at fleire unge veljar yrkesfag.

Entreprenørfirmaet utfører sjølv betong- og tømrararbeidet og har hatt mellom 50 og 100 arbeidarar i sving sidan bygginga starta i 2018.

– Vi held på her i fem år og det er ein unikt moglegheit til å bygge opp kompetanse lokalt. Vi har både ressursar og masse oppgåver, men vi har ei utfordring med å bygge opp nok folk i vår eiga stamme, fortalde prosjektleiar Ola Blindheim hos Peab K. Nordang til politikarane.

Publisert: 03.09.2021 11:00

Sist oppdatert: 03.09.2021 13:41

Mer om