Naar ikkje ut til kundane
HAR KUNDAR, FÅR IKKJE REISE: Brunvoll Volda-sjef Hallvard Pettersen sine reisemontørar får ikkje besøke kundane på grunn av koronareiserestriksjonar verda over. 
Nytt

Når ikkje ut til kundane

Med koronaepidemien kom reiserestriksjonar. Det skaper vanskar for Brunvoll Volda.

30.04.2020
- Ettermarknaden er ekstremt viktig for oss, og den er ekstremt viktig for kundane våre, seier dagleg leiar Hallvard Pettersen i Brunvoll Volda.
Kundane som har kjøpt gir og propellar frå Brunvoll Volda treng inspeksjonar, vedlikehald, utbetringar og reparasjoner. Selskapet har 20 reisemontørar som til vanleg reiser verda rundt.
Med unntak av i Noreg kjem reisemontørane seg no ikkje rundt. Reiserestriksjonane for å dempe spreing av koronaviruset set ein stoppar for det.
Konsekvensen er at kundane set oppdrag på vent, og Brunvoll Volda taper inntekter.

Permitterer

I dag har Brunvoll Volda, som er eit datterselskap i Brunvoll-konsernet - omlag 40 permitterte. Om ein månad kan talet på permitterte kome opp i rundt 60, fordi selskapet også må permittere reisemontørar.

Då koronatiltaka kom 12. mars hadde Brunvoll Volda-sjef Pettersen nettopp gjort ferdig årsreknskapen for 2019. Driftsinntektene auka med nesten 100 millionar kroner, til 397,4 millionar og lønsemda auka.
Blir det lette i restriksjonane kan det blir veldig travelt i fjerde kvartal, seier Pettersen, men no er det uvisse.

Godt driv

Det såg bra ut etter 2019, selskapet hadde investeringsplanar for å auke kapasiteten og Pettersen seier forventningane var at 2020 skulle bli minst like bra som i 2019.
- Vi var i skikkeleg bra driv, seier Pettersen.
No er investeringane lagt på vent.

Full drift

Medan det er permitteringar i administrasjonen og snart også blant reisemontørane går produksjonen for fullt.
Brunvoll-konsernet i Molde kjøpte Volda-selskapet frå Scana Industrier i 2016. Medan selskapet i Volda lagar gir og propellar for framdrift, lagar Brunvoll thrustarar (sidepropellar og dreibare propellar) for manøvrering.
Kundane etterspør i aukande grad begge delar, og det var bakgrunnen for at Brunvoll kjøpte, i følgje Brunvoll-konsernet.

Publisert: 30.04.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56